Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/53

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
53

turvitenskapen var Grunnlaget for Kultur, men Schweigaard vilde hava seet det „virksome Moment i denne Epoche og aneutrliserad denne Einsidigheit,“ om han hadde voret den store Mannen for si Tid.

Men han kom ikke lenger en til det fyrste Gjenomslag fraa det gamle og til det nye, og dermed stansad han. Det var store Ting dette af ein Mann her nord, og so ung, og det gjorde sin store Nytte. Desse Humanister, som hine inhumane Folk kallad seg, dei skreik gjenom sine Ordførarar, Rektor Bugge og, Lektor (no Rektor) Vibe; men Schweigaard tok deim, som det høvde seg for ein slik Storkar du haut en bas eller saag deim over Okslom og snudde up ned paa deim som Smaagutar (Sjaa f. Ex. hans lange Strid med deim i den Constitutionelle for 1836 No. 26, 50 og 302; for 1837 No. 16, 53 og 54). Han var einsidig han og, men dette maatte til for Folk, som gav seg ut for at vera Talsmenn for den eine og sanne Vitenskapeligheit, og der maatte ein Slagstyrke som hans til at lemlesta nokot so seigt.

Likeins er det med Metaphysikphilosophien. Han gjør fyndigt Narr af denne i sin „Anmeldelse af Sverdrups Logik“ (Constitutionelle for 1836 No. 17—19) og du kjenner, at der er ein Mann med det fullstendige Herredøme over denne philosophiske Vitenskap og Literatur. Han sopar med seg over den heile Mark. Det er ikke berre det gamle scholastisk-wolfiske Standpunkt, som Sverdrup stod mest paa, men det nye som tenkte seg til at afløysa dette, nemleg det Hegelske. Det er so du kan strika over, at ein slik Mann skulde slutta der og lata alt dette Ugras veksa up imillom os alla. Der er mangt, som minner deg om the broadheaded Werulam eller „Kongen med