Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/52

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
52

Naturvitenskap, liksovist som Mennesket sjølv er Naturens ædlaste Verk og derfor og maa afsetja ædlare Vokstrar en f.Ex. Berg og Stein og Jord og Gras og Fisk og Fugl og andre Dyr. Grunntankane eller dei sokallad Naturlogjer maa vera dei sama upigjenom denne heile Skapningsstigen, men det er Utvokstren paa denne Tanken som vedt finare og finare, di lenger du kjem ifraa Madk og Mold up mot Mann.

Dette vilde ein Mann af det rette Slaget med eit einaste Lynglimt hava seet, so snart han var komen inpaa dette Tankedrag. Men det var alt nokot stort for ein Ung Mann her uppe i den Tid at koma in paa denne Naturtanken. Den var blandt dei gode Menn i England, Frankrike og Tyskland aalment uppe i Dagen daa, men her? Det er ikke somange, som enno sjaa den her.

Det er sannt, der var myket af dette mekaniske ved denne Naturtanken ut over Europa i den Tid. Mennesket hadde liksom gjort formyket af seg sjølv for, og so sprang det liksom forlangt burt ifraa seg atter. Det hoppar vanlegt so fraa det eine til det andre midt imot. Men dei store Menn gjera ikke dette so lett, for dei hava Jamvippet eller Kompensationspendelen i sin eigen Natur; og du fær soleids ein Mistanke til, at denne tankegode men spraakrøvetske Setningen til Schweigaard (Vidar No. 2 p. 11) er meir tillærd en sjølvtenkt, etterdi han ikke kan bruka den paa seg sjølv: — — „Det er just en Epoches Væsen, at dens virksomme Moment, naar det har udvirket, maa afløses af et andet Princip, der neutraliserer den Ensidighed, som Bibeholdelsen af eet uforandtet System under Forholdenes Omvexling har til Følge.“

Det var ein Motsetning til det gamle, dette, at Na-