Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/50

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
50

eldre tinglause eller abstrakte og metaphysiske, og dermed var det givet, at han maatte gjera Uprør sovel mot den aandlause og pedantiske Klassicitet i Spraakstudiet som imot den tyske Metaphysikphilosophi. Men, so stansad han med eit, og liksom han ikke eingong seinare kunde vera med paa at mindka Timetabellen for dei klassiske Spraak, so Gamalnorsken kunde koma in i Skolane, soleids gav han, den megtige Mannen, Lov til at der kom tvo istadenfor ein af desse historiske Trænkuskar eller Professorar i tysk Philosophi ved Universitetet. Han var nok med eit Stykke frametter til Lemping for dei nyare Kunskapskrav i vaare lærde Skoleplaner, men solangt som til at faa vaart eiget gamle Spraak kunde han ikke koma. Dette var no og meir en ventande kunde vera. Han hadde sine Ungdomsintrykk (og lenger kom ikke han) fraa ei Tid, daa Nationalitetstanken endaa ikke var fullt utviklad i Vitenskapen. Det vesle Stykket hans i No. 15 af Vidar „om den literære Antidanskhed“ er karakteristisk. Det er myket godt og sannt enno i det; for det var imot hans velskapte Natur at fara med Tøv. Men naar han samfører det nationale i Tungemaal og Tankemaate med andre norske Varor og kjem i dette aandelege in paa det materielle Frihandelssystem og liknar det ihop med dette, so finna vi atter dette „mekaniske“ ved Mannens Upfatning, som vi lesa paa somange Blad i hans Livsbok. Han er no ellers undskyldt i mangt her i dette Stykke; for han maatte møta eit Norskestræv, som var endaa meir utvordes og mekanisk en hans nationale Frihandelslære, idet hin stakkars samlande Norskdom sette det Framifraa i denne mest idet, at Norge hadde ein Konstitution eller var politisk friare en Danmark og derfor maatte hava eit betre Spraak og betre Bøker! Ja, Herre-