Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/43

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
48

har samme Frihed som hos os. Men der har været Tider da Pressen blev misbrugt, da man kunde skrive Løst og Fast, da man rev ned paa Eiendomsinstitutionen og agtede Mænd gjordes til Gjenstand for en vidtgaaende Kritik.“

Liksom vi af dette vesle her sjaa, at han i sin inderste Grunn miskjende Pressefriheit og liksom ikke kjende den engelske Setning (af Burke) at Pressen rettar paa (corrigerar) Pressen, soleids sjaa vi og af desse hans mange Taler, at han likso grunndigt miskjende det, som verdt kallad Folkefriheit i Politik og Offentligheit, og det mundtlege Ord i Rettargong. Skulde du taka Mannen paa Ordet, so maatte du segja, at han vilde hava voret ein god Kronjurist for ein god Despot. Den som af hans 17de Maitale eller nokot annat trur at kunna godtgjera ein annan politisk Grunntanke i Mannen, han stend so i Skruvestikka millom hans andre og meir aalvorsame Uttalelser, at han knapt kan røra Haand eller Fot.

Men eg skal her i eit annat Samband tyda burt mangt af dette, som synes so ufritt og i Strid med Tankane af Verdsens mest upplyste Menn. Han var nok frisinnad Schweigaard og, men han var ein Oldtidens Mann, som ordnad Mannen in under Staten og Næringsvegen. Dette sidste visad seg best i hans Tankar om Skipsfarten. Han vilde hava ein fri og stor Sjøfart, men Mannen, Matrosen skulde staa under den gamle Tugt og liksom vera stavnsbunden til Skipet. Kom der Strid imillom Mannen eller Arbeidet og Kapitalen, so maatte Kapitalen vinna. Det var denne engelske Maskintanken, og om du vil, denne materialistiske Fridom han vilde hava og ikke somyket denne menneskelege og personlege. Han er derfor