Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/41

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
41

som lagde seg til eit raudt Lommetørklæd og leto det hanga med den eine Snippen ut af Frakkelomma (for so gjekk Schweigaard tidt) og som harkad og hostad etter honom og skok paa Haaret med eit Sidekast af Hovudet og so velte paa Augom. Det var fagert og aandfullt med Schweigaard det meste af dette, om det so stundom kunde sjaa nokot tilgjort ut; men det Etterhermde var skjemtefullt, og eg skal aldri gløyma den Schweigaardske Augnevelting f. Ex. af Folk so daud- og kvitøygde som det kokad Fiskehovud.

Under dette, som eg vil kalla det vitenskaplege og æsthetiske Trykk, stod alle, som vilde gjera Schweigaard til eit Menneske, vist og sannt eit stort Menneske, men likevel med dei vanlege Menneskemerke. Eit annat Trykk som ikke var mindre, var det politiske. Det høyrde med til ein loyal Borgare og helst til ein Mann, som kunde venta seg paa ein god Fot med Regjeringen og saa seg eit Embæt, det høyrde med til dette at sjaa den politiske Mønstermannen i Schweigaard. Det skulde Magt og Mod under alle desse Trykk til at hava og utala ein liten kravslaus Tanke om Schweigaards Menneske-Likheit, og her er eit godt historisk Merke paa dette i juridisk „Ugeblad“ for 1866 No. 28, der ein Mann med eit „Foredrag i Sagførerforeningen“ kjendeleg ankar paa mangt i den Schweigaardske Rettsvitenskaplegheit og Rettsupfatning, men liksom ikke rett vaagar seg ut med Spraaket. Han henvisar til Schweigaards Fyredrag i Jurysaka St. Tid. for 1862—63, p. 883 og 887 og liksom kastar fram til Ettertanke some af desse Schweigaardske Tankar, men du seer lett, at han leikar „løyn og finn“ (hide and seek).

Der maatte og i den Tid ein slik „Legen Skjul“