Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/40

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
40

af den; og det merkjelegasta var endaa det, at det skulde ein sjølvstendig Mann til at meina, at Schweigaard ikke var det fullgyldige Mønster paa alt det gildaste som til er. At uttala den mest folkelege Tvil om dette, kunde der i dei fleste Tilfelle aldri vera Tale om, sonær som so paa tvo tri Manns Haand og millom Folk, som kunde møta fram og f. Ex. segja: „eg er gamal nok og har af andre kloke Folk godkjende Kunskaper og Aandsevne, so eg meinar at vera ein myndig Mann med den fulle Rett til at leggja mit Ord i dette Lag.“ Eg veit det var Folk som saag seg nøyde til at slaa alle hine for Panna med slik utekkeleg Tale om sin eigen Domsrett.

Det vanlege var ellers, at der vardt fundne ut dei mest underlege Tydningsgrunnar, naar Schweigaard hadde skrivet eller i Thinget talad nokot, som det var raadlaust med at finna mønstergyldigt. Eg veit f. Ex. her paa næstsidste Thing, daa han og Rikter var i det varme Ordskifte om dei rette Kjennemerke paa Materialisme. No, det var i Grunnen uskuldige Saker, og Schweigaard var so utmanad, at hans Ord var Svar paa Tiltale. Men likevel so laag det nokot menneskelegt i desse hans Ord, og det var netup menneskeleg han ikke maatte vera som vi andre. Eg minnest vi stod i ein Ring der i Departementet og talad just om dette, og dei kom med sine Grunnar, at Schweigaard umogeleg kunde vita det eller meina dette, men at han maatte vera uskuldig. „Han er altid so naiv han,“ var det endelege Svar, naar der ingen annan Utveg var. Det var, som eg daa og sagde i denne hin Departementsringen, Jomfru Maria-Læra hans Paven om conceptio immaculata (Ubesmittede Undfangelse). Det var det Slags Folk, som her fanst mange af, nemleg