Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/37

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
37

over den. Eg vaagar meg til at meina so, fordi eg for meg har kjent til nokot liknande. Daa eg nemleg i si Tid hadde leset ei Stund paa den tyske Metaphysikphilosophi og høyrt paa Professorane, fekk eg den mest usigelege Ringeagt for det heile Væsen; for det meste var i Grunnen berre Ordkunster og Sky og Skodd.

Men var no dette so med Schweigaard, so var det ille at ein Mann med hans Invirkning paa Rikslivet skulde bli skræmd af det tyske (og danske) Væsen og ikke retta seg upatter af den franske og engelske deduc- og inductive Philosophi, som held seg til Kjensgjerningar og gjør sine Utdrag (Deductioner), og sine Overføringer (Inductioner) fraa deim, med eit Ord, spinn Traaden sin af Livsulla, og ikke af sit eiget Rokshovud.

Det er no vel ellers trulegt, at Schweigaard meir var philosophisk utskiljande en sambindande (analytisk og ikke synthetisk). Dette fell og saman med det, at han var meir upløysande en skapande eller meir kritisk en productiv. Men alt dette kan no vera, som det vil, nokot greidt og vist kan det knapt koma ut af slike Undersøkninger, vist er det vel ellers, at dei Schweigaardske Rettstydninger ero uphilosophiske og kasuistiske, og at dette ikke har gjort godt for vaar Rettsutvikling og politiske og ombodsførande Væsen i det heile. For Schweigaard sjølv og hans Taler og Skrifter var alt dette godt og vel: han bar det alt uppe ved sin eigen Styrke. Det høyrde i Grunnen med til Dansen, som Guten sagde, daa han datt. Men naar det slapp honom utaf Haandom og kom in i Livet, Politiken, Rettsvæsenet osv., daa vardt det snart nokot annat, og daa bar Læra og Exemplet sine mogne Frugter.

Dei beste Jurister, eg har talad med, segja liketil, at