Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/36

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
36

skapelege Upfatning. Det var korkje i Tale eller Tanke dette logiske Jernbanetræn, som med overveldande Magt overkjøyrer all Motstand.

Eit slikt Træn er Romerretten og idetheile alt det, som skal faa Navn af Vitenskap. Det var underlegt, at Schweigaard med sine store Naturevne og sit grundige Studium af den aalmenne Skolekunskap og sin serskilde Vitenskap ikke skulde kunna overføra denne vitenskapelege Gjerd paa si Lære og Framstilling. Daa du derfor ikke godt kan tru, at denne Vant (Defect) var ein Naturfeil ved Mannen, ein Sprekk i Diamanten, so maa du tyda det som eit Atterslag eller ein Reaktion imot den tyske, og halv danske philosopherande Rettsvitenskap, som han i sine Kandidataar skrifteleg og sidan mundtleg førde Strid imot. Han vilde vera praktisk, og dermed vardt han i sin inderste Grunn uvitenskapeleg. Han vardt kasuistisk, som det heiter i Rettens, og atomistisk, som det heiter i Philosophiens Tungemaal, det vil segja: Læra miste sit Samheng og vardt ei Samling af einstake Tilfelle, liketil ein Sandhaug, som sjølve Meister Eirik ikke kunde spinna nokot Tougverk af, men som gnistrad og skreik, daa han hadde spunnet ein Stubb, og det druste og datt ifraa kverandre.

Det vantad ikke Mannen paa dialektisk Styrke; han upløyser og stort og vispar Motsetninger og „Kategorier“ i Skum. Det er, om du vil, ei matehematisk Likning, der han løyser og bind med Forteiken og Parentheser og kjem til dei mest uventande Utslag, f. Ex. der han tumlar med Provtungen (onus probandi) og Exceptioner. Det positive verdt negativt, rett som det er, og omvendt. Du fær ein Tanke, at han i Grunnen ringeagtad Philosophi, fordi han forstod den so godt og kjende seg som Herre