Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/28

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
28

endaa vidare; men som den var, hadde han ingenting imot den. Det er karakteristisk, at han fann ei Trygd i „det Offentliges Varetægt,“ om han so, i Likning med os andre Jurister, maatte vita, at desse stakkars patres conscripti eller lause Barnefedrar under sit Kronarbeid hava det verre en dei rette Storslavar, for dei hava ikke den Kosten og heller ikke det Hus over Hovud, men maa tidt liggja ute som Skogdyr. Her synes eg er eit stort Exempel paa, at han i alle slike Ting ikke kunde koma ut over det, som var det givne (status qvo). Dette lagde han godt ut og beinkad det til, men nokot Framstig kunde han umogeleg gjera.

Schweigaard hadde mange gode Menn med seg. Han sat ofte med so faae, det er sannt, stundom med so tri fire Stemmer. Det er ille, at Storthingstidenden ikke altid har Navn og Stemmetal i alle slike Storsaker. Der ligg stor kulturhistorisk Uplysning i det at vita Navn og Samfundsstilling paa desse Menn. Det var ellers, som vi vita, mest dei sokallad uplyste eller „intelligente“ som vaaro med Schweigaard, sosom Assessor Motzfeldt og Rektor Holmbo. Det er nokot at merkja seg dette for den, som skal skrive vaar Historie og dei virkande Krefter i denne Tid. Vilde Livet hava komet af Flekken, om her ikke hadde voret andre Folk? „Eg seer fram men ikke tilbake,“ sagde Paulus. „Eg seer berre tilbake,“ sagde Chineseren Confucius, og Samfundet stod still i sine tusen af Aar. Høyrde desse vaare boklærde Folk til Chinamannen eller til vaar store Lærare?

„Driv du der paa og stend!“ sagde Thrønderen til Mannen han møtte standande paa Brua. Det er nokot forunderlegt med dette, som her no ei Stand er kallad