Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/26

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
26

om denne Hustugt til Sjøs, og daa det vardt ankad paa, at denne tidt vardt misbrukad, at Schweigaard svarad Olassen: „Jeg tror, at de, som have skrevet Christian den 5tes Lov, visselig have anstillet ligesaa nøiagtige Betragtninger over denne Sag som en Repræsentant i Odelsthinget fra Romsdalen.“

Det er ei underleg Miskjenning „af dei nye Tankar i nye Tidsaldrar at svara paa denne Vis; og her ligg likeins i dette Svar ein Storlaat og so Ringeagt mot ein mindre vitande Thingbroder, som ikke er venleg og overberande: Men Schweigaard hadde sjølv voret til Sjøs ei Stund, og truleg var han der komen i Lag med Folk, som maatte faa sine gode „Dragter Pryl“. Og so samheldt han dette med den raae Naturen vaar, som lyt saa Tugt, og dermed kom han til denne si Tugtlære, som han likeins brukad, daa det var Spursmaal om at afskaffa Prylestraffen for Soldaten[1].

Det er ellers nokot sjølvsagt for ein samtenkt Mann, at han maa krevja Tugt i det smaae og liksom til Husbruk, naar han i det store er ein slik Ordens- og Autoritets- og „Krut- og Bly“-Mann som Schweigaard. Der maa for ein slik vera Politi fraa Topp til Taa paa Livet. Det er som du maa venta af den store Juristen „at liva under Loven og ikke under Naade,“ og derfor var det likeins i Samheng med alt dette Trugsmaal, at han paa sidste Thing reint ut talad med Spott mot dette nyare

  1. Sjaa blandt annat St. Eft. for 1857 S. 838 og St. Tid. for s. A. S. 98.