Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/25

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
25

get i 1842 og gjorde denne Log og han lagde den ut Aaret etter, og hans Utlegging har ikke gjort mindst til denne af Domstolane fastsette Rettsbruk, som gjør det nokot so nær umogelegt for Privatmannen at faa Rett imot den offentlege i slike haandgripelege Tilfelle af Tvist. Politiet kan mest fara aat som det vil. Her er Domar af dei mest uprørande Exempel paa dette f. Ex. denne her om Aaret fraa Eikersund. Denne „Krudt og Bly“-Læra gjeld altso ikke berre om Motstand mot Statsraaden, men like ned til Vant paa Ærefrygt for Konstablen, som naturlegvis og er ein Autoritet.

Ja, no er Samfundet ordnad; men naar vi so ein Dag hava“ arbeidt os ut af dette Ordensliv, so kjem der ei lausare Tid, daa vi, skræmde af Uorden, atter kasta os i Autoriteternes Armar. Daa kjem den Hatten og up atter, og Schweigaard verdt daa i dette Stykke og ein Framstigsmann. Og eg som vil kritisere fritt og skriva „vaar Politik“ eg har og daa fengjet eit so „overordentligt Chok“ at eg kanske svarar paa mit heile gamle Liv med dette Schweigaardske „Krudt og Bly“.

Denne nye store Rettarbot for Sjøfarten var her fælt til Stræv med paa vist tri om ikke fire Storthing, og der var eit Par Tankar i den, som dei sokallad Framstigsmenn lagde stort Lag paa, nemleg at den gamle Tugterett for Skipsføraren burde vera mindre, og at der skulde vera ei Tidsgrense for Matrosens Pligt til at fylgja med Skipet paa lange Ferder. Det gjekk fram dette, men Schweigaard var imot det[1]. Det var under den Tale

  1. Sjaa blandt alle dei vidtløftige Forhandlinger f. Ex. St. Eft. for 1857 S. 182 og St. Tid. for 1860 S. 193.