Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/22

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
22

atter af hans Princip „at støtte Regjeringen“ og „Autoriteten,“ og det var eit større Princip en at „bevilge“. Sexe hadde nemleg fengjet sin Afsked af Finansdepartementets Chef, og Holth hadde kritiserad Statsraaden for Kyrkja. Forunderleg nok, at han reiste seg paa sidste Thing, daa det var Spursmaal om meg. Men han maatte ikke rett sansa paa mine Synder; kanske han ikke eingong kjende deim men berre mintest, at han hadde gjevet meg slike Lovord for Romerretten (eg lyt sortelja dette sjølv, daa det truligvis er ingen annan som gjør det). Dølen las han knapt og trulegvis likso litet nokot annat fraa Pennen min. Han laag utanfyr alt slikt. Han sat likefram i Olympisk Ro utan for si Tid, sonær som kanske i det økonomiske og praktisk politiske og juridiske. Eg skal koma med Merke paa, at han i mangt ikke var med der heller i dei sidste 25 Aar; men var han med nokonstad, so var det der. Vist er det, at han knapt var med meg, sonær som daa eg skreiv paa Engelsk. At han reiste seg for meg, kom nok likefram af hans gamle gode Setning, at „Folk bør faa eit Svar“, og det var netup dette, som Hammerstad og Harbitz med si hjelpande Præsidentklubbe ikke vilde gjeva meg, men putta Kortet under Bordet ved at setja „Forslaget ned i 2 Klasse“. Slikt var den likeframme Schweigaard altid imot.

I sjølve Saka maatte han derimot hava voret imot meg. Han var imot Sexe og imot Holth, og so maatte han som ein samtenkt Mann hava voret imot meg med, som hadde vaagad meg til at kritisere Overmenn. Jamvel før der kom Merke paa utvordes Uprør fraa „Arbeiderforeningerne“ i 1851 var han reint skrikande imot, at Thinget skulde taka mot eit Sendelag fraa desse, og dette,