Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/15

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
15

so slaa dei over til sin Motsetning, og den Romerretlige Setning kjem fram: summum jus summa injuria, det er: den største Retten verdt til den største Urett. Og det er atter med dette som naar Skapningar verdt fødde med ein liten Feil: dei ero friske og fine, alt til denne fær utvikla seg. Dette er f. Ex. den arvelege Tæring, Hjartesjuke osv. Eg har kjent eit Systkynlag af fire store og sterke Brødrar, som ingenting vondt viste af, for so i det sekstiende Aar, daa det med eit kom paa, so dei døydde af Hjartesjuke. Den uendeleg fine sjuke Prikken i Grunnfræet, Organisme, som ikke for var merkt nokot til, den voks daa fram og gjorde Ende paa Livet.

Ja, so gjeng ei Lære „svanger“ med sin Undergang og si Ulykka for Samfundet. Dette har altid voret Ulykka med dei fagre Fridomssetningar f. Ex. dei navngjetne fraa 1789, og dette har likeins voret Tilfellet med all Ordens- og Autoritetslære, som altid førde til Despoti og Mekanik i Rikslivet. Schweigaard var, som alle vita og hava sagt, ein Ordenens og Autoritetens Mann. Det var Juristen med dei greide Formler, som fraa sin eigen Natur maatte skapa Livet etter Lod og Vinkel, og visa burt ifraa seg og si Rikslære alt uklaart og framifraa. Poesi, Philosophi, kort alt det friare og meir ubundne Andarliv vardt vel tolt og lønt, liksom det var rumhendt med alt fraa den Kant, naar det paa nokon Maate kom Ein under Statstanken og stilte seg lydigt under Autoriteten, men slike frie Kunster kunde ikke faa Plass i det System, som var so uendeleg praktisk. Det var derfor ikke at „spenna Araberen fyre Matkjerra“ at setja Schweigaard in i alle desse praktiske Livsstillingar, men det var netup at lata