Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/13

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
13

livet, og Aand og Tanke i denne Samanheng og Riks- og Livsupfatning maa vera klaar og greid for kver, som har Auga til at sjaa med og Øyra til at høyra.

Det „praktiske“ i Livet er all Ære værd, og vi er eit litet Folk, so det skulde synes, at dette maatte vera det eine turvande. Men, underleg nok, det som skal gjeva eit litet Folk Rett til at liva, det er nokot annat. Millioner agtværdige Dragarar paa Matkjerra kunna ikke gjera Teneste for ein einaste „Araber“. Det er alt godt kvert til sit Bruk, men naar det skal vera Tale om ein Folkets Mann i den store Stilen og om ein Monarch in the realm of thought (ein Herskare Tankeriket), som Englenderne segja, daa verdt ikke serskilt praktiske Menn nevnde. Naar Engelskmannen liksom skal forsvara sit aandelege Liv og sin Rett til at liva som eit Folk, daa maa Shakespeare, Bacon og Newton fram. Blackstone, Campell og Brougham slaa ikke til, ikke eingong Canning eller Pitt. Om dette er fyrste Rangs Folk i si Grein, so ero dei det ikke i det store og breide Tankeliv. Det er ikke eigenleg Menn i den rette Meining af dette Ord. Dei hava ikke brotet nye Baner. Der er ingen ny Tanke komen in i Verdens- og ikke eingong Rikslivet med deim. Dei hava brukad godt det „givne“ og tydad og lagt det ut og sett det i god Stil paa sin Maate.

Og so med Schweigaard her. Han vilde netup svara til den engelske Blackstone, som dei engelske Jurister enno etter hundrad Aars Tid segja, var nær paa makalaus. Men Folket, Nationen, Utlandet, Verden veit den stort om honom? Vilde Englands Histori voret anderleids, om ikke han hadde voret til? Det er ikke meir en sovidt, at Englands Historiskrivarar nevna Mannens Navn, og eg min-