Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/100

Fra Wikikilden
Gå til: navigasjon, søk
Denne siden er korrekturlest
100

Mann finna ſit aandelege Krav uppfylt ved at halda ſeg til ein god velfødd „Jydeſkipper“, ſom eig ſi Skute og ellers ſiter varmt innan „Vægge“. Dette kan vera ei Smaksſak, men naar det ikke verdt gjort ſtørre Krav til Embætslivet, ſo verdt det riksfarligt. Og det var dette, ſom Schweigaard ikke ſyntes at gjera. Det er praktiſk og godt nok, meinte han, og Livet likad godt dette Skjøn af Meiſtaren. Du vinn aldri ein Manns Hjarta ſo lett ſom ved at lata honom vita, at han er klok nok, og at Livet ikke har Bruk for betre Hovud en hans. Og viſt er det, at med alle Schweigaards Dygder og Kunſkapar, ſo vilde han aldri hava havt den Magt, ſom han hadde, derſom han ikke hadde gjort Folk ikring ſeg ſo kloke, ſom han gjorde. Idealiſtiſke Folk ſtøyta fraa ſeg mange ved det, at dei upſtilla ſlike Livsmønſter, ſom Livet har vondt for at ſkaffa. Den velfødde, trivlige, runde Herre, ſom ſmiler til alle og likſom ſegjer deim, at dei er flinke Folk; han maa vinna deim, fordi han er ein af deires eigne.

Ja, ja vi krevja vaare Mønſter og gløyma det tunge for Livet i at ſkapa desſe. Den kloke Mann gjeng med ſine Mønſtertankar, men han er rimeleg og gjør ikke utidige Kravsmaal paa ſlike. Det er trulegt, at Schweigaard med alt dette lemfeldige mot det middelmaadige i Livet, gjekk med ſine Idealer til Stats-, Embætsmenn og Borgarar. Du ſkulde tru, han maatte gjera det, for han ſtod ſo langt framme i Aand og Tankeutvikling, at dette maatte vera nokot ſjølvſagt; men vi ſjaa litet til det i al hans ſtore Skrivning og Taling; nokot maa der vel vera, endaa det overalt er eit trykkande Laagmaal paa Livet, ſom er trøyſteslauſt, ſoſom daa han meinte, at det vilde vera betre at gjeva Arbeidsmannen ei Tunne Potetes en Stemmeret og ei Skjeppe Korn helder en Jury.

Alle ſtore Menn tru paa det gode i Menneſkenaturen, og dei ſigla etter ſine Idealer likſom Sjømannen etter Himmelens Stjerner. Han naar deim ikke, men finn ved dette fram paa ſi jordiſke Vandring. Schweigaard gjorde forlitet af dette, og det vil vera den ſtrengaſte Domen over Minnet hans.