Side:Nye testamente (1889).djvu/72

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

og tok Sengi og gjekk ut fyre alle Manns Augo, so dei alle vart forfærde og lovade Gud og sagde: „Slikt hava me aldri seet.“
13 Og han gjekk ut til Sjoen atter, og alt Folket kom til honom, og han lærde deim.
14 Og daa han gjekk framum, saag han Levi, Alfæus’ Son, som sat paa Tollbudi; og han sagde til honom: „Fylg meg!“ Og han stod upp og fylgde honom.
15 Og det hende seg, daa han sat til Bords i hans Hus, so sat og manne Tollmenner og Syndarar i Lag med Jesus og Læresveinom hans; for dei var mange, og dei fylgde honom.
16 Og daa dei Skriftlærde og Farisæarne saag, at han aat i Lag med Tollmenner og Syndarar, sagde dei til Læresveinarne hans: „Kor heve det seg, at han et og drikk med Tollmenner og Syndarar?“
17 Og daa Jesus høyrde det, sagde han til deim: „Dei som ero friske, trenga ikkje til Lækjar, men dei som hava vondt. Eg er ikkje komen til det aa kalla Rettferdige, men Syndarar til Umvending.“
18 Og Læresveinarne til Johannes og til Farisæarne fastade. Og dei kom og sagde til honom: „Kvi fasta Læresveinarne til Johannes og til Farisæarne, men dine Læresveinar ikkje?“
19 Og Jesus sagde til deim: „Kann daa Brudsveinarne fasta, medan Brudgumen er med deim? so lenge dei hava Brudgumen med seg, kunna dei ikkje fasta.
20 Men det vil koma Dagar, daa Brudgumen vert teken fraa deim, og daa skulo dei fasta, i dei Dagom.
21 Og ingen set ei Bot av utovt Ty paa eit gamalt Klædeplagg; elles vil den nye Boti riva burt av det gamle, og Holet vert verre.
22 Og ingen slær ny Vin paa gamle Lederflaskor; elles vil den nye Vinen sprengja Flaskorna, og Vinen vert spillt og Flaskorna øydelagde. Men ny Vin skal ein slaa paa nye Flaskor.“
23 Og det hende seg, at han paa Kviledagen gjekk gjenom ein Aaker, og Læresveinarne hans tok til aa ganga og plukka Aks.
24 Og Farisæarne sagde til honom: „Sjaa, kvi gjera dei paa Kviledagen det, som dei ikkje hava Lov til?“
25 Og han sagde til deim: „Hava de aldri leset, kvat David gjorde, daa han trengde til det og var hungrig, baade han og dei, som var med honom?
26 korleides han gjekk inn i Guds Hus, den Tid Abjatar