Side:Nye testamente (1889).djvu/7

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
Kap. 2.

13 Men daa dei var farne burt, sjaa, daa synte Herrens Engel seg i ein Draum fyre Josef og sagde: „Statt upp, tak Barnet og Moder hans og fly til Ægypten og dryg der, til dess eg segjer deg til, for Herodes vil søkja etter Barnet til aa tyna det.“—
14 Men han stod upp, tok Barnet og Moder hans um Natti og foor til Ægypten.
15 Og han drygde der, til Herodes døydde, so at det skulde verta uppfyllt, som er sagt av Herren ved Profeten, som segjer: „Ut or Ægypten kallade eg Son min.“
16 Daa Herodes saag, at han var narrad av Vismennom, daa vart han myket harm og sende av og leet slaa i Hel alle Guteborn i Betlehem og i heile Grannelaget der ikring, ifraa tvo Aars Alderen og der under, etter den Tidi, han hadde utspurt av Vismennom.
17 Daa vart det uppfyllt, som er sagt av Profeten Jeremias, som segjer:
18 „I Rama er det høyrt ei Røyst; Ynk og Graat og myket Illskrit; Rakel gret fyre Bornom sine og vilde ikkje lata seg trøysta, avdi dei ikkje ero til.“
19 Men daa Herodes var daud, sjaa, daa synte Herrens Engel seg i ein Draum fyre Josef i Ægypten
20 og sagde: „Statt upp, tak Barnet og Moder hans og far til Israels Land; for dei ero daude, som stod Barnet etter Livet.“
21 Men han stod upp og tok Barnet og Moder hans og foor til Israels Land.
22 Men daa han høyrde, at Arkelaus var Konge i Judæa etter Herodes, Fader sin, vart han rædd fyre aa koma der; men han vart aatvarad av Gud i ein Draum og foor av til Galilæa-Bygdi.
23 Og han kom og budde i ein By, som er kallad Nasaret, at det skulde verta uppfyllt, som er sagt ved Profetarne, at han skulde verta kallad Nasaræaren.

3dje Kapitlet.

 Men i dei same Dagom kom Johannes Døypar fram og forkynte i Øydemarki i Judæa
2 og sagde: „Umvende dykker, for Himmelriket er nær.
3 For han er den, som er umtalad av Esaias Profeten, som segjer: Det er Røysti av ein, som ropar i Øydemarki: Rydje Herrens Veg, gjere Stigarne hans jamne.“
4 Men Johannes sjølv hadde sin Klædnad av Kamelhaar og Lederbelte um Livet; men hans Føda var Engsprettor og vill Honing.
5 Daa gjekk det ut til honom Jerusalem og heile Judæa og heile Grannelaget ved Jordan.
6 Og dei vart døypte av honom i Jordan, naar dei skriftade sine Synder.