Side:Nye testamente (1889).djvu/6

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
Kap. 1.

og sagde: „Josef, Davids Son, ottast ikkje fyre aa taka Maria, Kona di; for det, som er avlat i henne, er av den heilage Ande.
21 Men ho skal føda ein Son, og du skal kalla hans Namn Jesus; for han skal frelsa Folket sitt ifraa deira Synder“. —
22 Men alt dette hende seg, fyredi at det skulde verta uppfyllt, som er sagt av Herren ved Profeten, som segjer:
23 „Sjaa, ei Møy skal verta med Barn og føda ein Son, og dei skulo kalla hans Namn Immanuel, det er utlagt, Gud med oss.“ —
24 Men daa Josef, vaknade av Svevnen, gjorde han, som Herrens Engel hadde bodet honom; og han tok Kona si.
25 Og han heldt seg ikkje til henne, fyrr enn ho fødde sin fyrstefødde Son; og han kallade hans Namn Jesus.

2det Kapitlet.

 Men daa Jesus var fødd i Betlehem i Judæa i Kong Herodes’ Dagar, sjaa, daa kom der Vismenner fraa Austerlandom til Jerusalem og sagde:
2 „Kvar er den Jødekongen, som er fødd? For me hava seet Stjerna hans i Auster, og me ero komne og vilja tilbeda honom.“
3 Men daa Kong Herodes høyrde det, daa vart han rædd og heile Jerusalem med honom.
4 Og han fekk saman alle Øvsteprestarne og dei Skriftlærde imillom Folket og spurde deim, kvar Kristus skulde verta fødd.
5 Men dei sagde til honom: „I Betlehem i Judæa; for soleides er det skrivet ved Profeten:
6 Og du, Betlehem i Juda Land, er slet ikkje den laakaste av Juda Hovdingar; for ut or deg skal koma ein Hovding, som skal vera Hyrding fyre mit Folk Israel.“
7 Daa kallade Herodes Vismennerne til seg i Løyndom og spurde deim grannlege ut um Tidi, daa Stjerna var sedd.
8 Og han sende deim til Betlehem og sagde: „Gange dit og spyrje grannlege ut um Barnet; men naar de finna det, so segje meg til, so at eg og kann koma og tilbeda det“.
9 Men daa dei hadde høyrt Kongen, gjekk dei; og sjaa, Stjerna, som dei hadde seet i Auster, gjekk fyre deim, til ho kom og stod uppyver der, som Barnet var.
10 Men daa dei saag Stjerna, segnadest dei med ovstor Fagnad.
11 Og dei kom inn i Huset og fann Barnet med Maria, Moder hans, og dei fall ned og tilbad honom og opnade sine Gjøymslor og bar fram til honom Gaavor: Gull, Røykelse og Myrra.
12 Og daa dei vart aatvarade av Gud i ein Draum, at dei ikkje skulde ganga atter til Herodes, foor dei ein annan Veg til sitt Land.