Side:Nye testamente (1889).djvu/57

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Neven; men sume flog honom paa Øyrat,
68 og sagde: „Spaa oss, Kristus, kven er det, som slog deg?"
69 Men Petrus sat utanfyre paa Garden; og ei Tenest-Gjenta kom til honom og sagde: „Du var og med Jesus ifraa Galilea." —
70 Men han neittade fyre alle og sagde: „Eg veit ikkje, kvat du segjer." —
71 Men daa han gjekk ut i Porten, var det ei onnor, som saag honom og sagde til deim, som der var: „Denne og var med Jesus ifraa Nasaret."
72 Og atter neittade han med ein Eid: „Eg kjenner ikkje den Menneskja."
73 Men strakst etter gjekk dei, som stod der, fram og sagde til Petrus : „Sannelege du er og ein av deim; for Maalet ditt opendagar deg."
74 Daa tok han til aa forbanna seg og sverja: „Eg kjenner ikkje den Menneskja." Og strakst gol Hanen.
75 Og Petrus mintest Jesu Ord, som han sagde til honom: „Fyrr enn Hanen gjel, skal du neitta meg tri Gonger." Og han gjekk ut og gret saart.

27de Kapitlet.


1 Men daa det vart Morgon, heldt alle Øvsteprestarne og dei Eldste fyre Folket Samraad imot Jesus, at dei kunde avliva honom.
2 Og dei batt honom og førde honom ut og yvergav honom til Landshovdingen Pontius Pilatus.
3 Daa Judas, forn forraadde honom, saag, at han vart dømd til Dauden, angrade han det, og han bar dei tretti Sylvpenningar til Øvsteprestarne og dei Eldste,
4 og sagde til deim: „Eg heve syndat, daa eg forraaode uskyldigt Blod." Men dei svarade honom: „Kvat kjem det oss ved? Sjaa du dertil."
5 Og han kastade Sylvpeningarne i Templet og gjekk avstad; og han gjekk burt og hengde feg.
6 Men Øvsteprestarne tok Pengarne og sagde : „Det er ikkje rett aa kasta deim i Tempelkista, avdi det er Blodpengar."
7 Men dei heldt Samraad og køypte fyre deim ein Aaker av ein Krusmakar til Gravstad fyre Framande.
8 Difyre er den Aakren kallad Blodaakren til denne Dag.
9 Daa vart det uppfyllt, som er fagt ved Profeten Jeremias, sorn segjer: „Og dei tok dei tretti Sylvpeningar, Verdet fyre den Verdsette, som Israels Born verdsette.
10 Og dei hava gjevet deim fyre ein Krusmakars Aaker, som Herren paalagde meg."
11 Men Jesus stod framfyre Landshovdingen. Og Landshovdingen spurde honom og sagde: „Er du Jødekongen?" Men Jesus sagde til honom: „Du segjer det."