Side:Nye testamente (1889).djvu/51

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


47 Sannelege segjer eg dykker, han skal setja honom yver all sin Eigedom.
48 Men dersom den vonde Tenaren vilde segja i sit Hjarta: Min Herre drygjer med aa koma.
49 Og han tek til aa slaa Medtenararne, men aa eta og drikka med Drikkarom,
50 so skal Herren til den Tenaren koma ein Dag, som han ikkje ventar, og ein Time, som han ikkje veit,
51 og han skal hogga honom i tvo og giva honom sin Lut imillom Skrymtarom; der skal det vera Graat og Tanngnistring."

25de Kapitlet.


1 „Daa skal Himmelriket liknast med tie Møyar, som tok sine Lampor og gjekk ut til Møtes med Brudgumen.
2 Men fem av deim var kloke og fem daarlege.
3 Og daa dei daarlege tok sine Lampor, tok dei ikkje Olje med seg.
4 Men dei kloke tok Olje i sine Kannor saman med sine Lampor.
5 Men daa Brudgumen drygde, vart dei alle trøytte og sovnade.
6 Men midt paa Natti høyrdest eit Rop: Sjaa Brudgumen kjem, gange ut til Møtes med honom!
7 Daa vaknade alle dei Møyarne og stellte sine Lampor til.
8 Men dei daarlege sagde til dei kloke: Give oss av Oljen dykkar, for Lamporna vaare slokna!
9 Men dei kloke svarade og sagde:- Nei, det vilde ikkje verta nog til oss og dykker; men gange helder til Kaupmennerne og kaupe til dykker sjølve.
10 Men daa dei gjekk burt og skulde kaupa, kom Brudgumen, og dei, som var reiduge, gjekk med honom inn til Brudlaupet, og Dyrri vart atterlest.
11 Men sidan kom og dei andre Møyarne og sagde: Herre, Herre, lat upp aat oss.
12 Men han svarade og sagde: Sannelege segjer eg dykker: Eg kjenner dykker ikkje.
13 Vake difyre; for de vita ikkje Dagen og ikkje Timen, naar Menneskjesonen kjem!
14 For det er likasom ein Mann, som vilde fara utanlands og kallade sine eigne Tenarar til seg og yvergav deim sin Eigedom.
15 Og ein gav han fem Pund og ein tvo og ein eit, kvar etter hans Dug, og so foor han utanlands.
16 Men han, som fekk fem Pund, gjekk burt og kaupslog med deim og vann fem andre Pund.
17 Likast og han, som fekk tvo; han vann og andre tvo.
18 Men han, som fekk det eine, gjekk burt og grov det ned i Jordi og gjøymde sin Herres Pengar.
19 Men lang Tid deretter kjem Herren til desse Tenarar heim og krev Reikneskap av deim.