Side:Nye testamente (1889).djvu/507

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

14 Men um desse spaadde og Enok, den sjaunde staa Adam, daa han sagde: „Sjaa, Herren kjem med sine mange tusund heilage
15 til aa halda Dom yver alle og refsa alle ugudlege av deim fyre alle deira ugudlege Gjerningar, som dei i Ugudlegdom hava gjort, og fyre alle dei harde Ord, som dei talade imot honom, dei ugudlege Syndarar“.
16 Desse ero dei, som knurra og klaga yver Lagnaden, medan dei fara etter fine Lyster, og deira Munn talar skrøytande Ord, medan dei gjølande gjera Mannamun fyre Vinnings Skuld.
17 Men de, Elskade, minnest dei Ord, som fyrr ero talade til dykker av vaar Herre Jesu Kristi Apostlar!
18 For dei sagde dykker, at i den sidste Tidi skal der vera Spottarar, som fara etter sine ugudlege Lyster.
19 Desse ero dei, som skilja seg ut, dei, som hava Saal, men ikkje Ande.
20 Men de, Elskade, uppbyggje dykker sjølve paa dykkar høgheilage Tru! Bede i den heilage Ande!
21 Halde dykker sjølve i Guds Kjærleike, medan de venta paa vaar Herre Jesu Kristi Miskunn, til ævelegt Liv!
22 Og gjere Skilnad, so at de miskunna sume,
23 men frelsa andre med Otte, rivande deim ut or Elden, so de hata jamvel den Kjolen, som heve vortet urein av Kjøtet.
24 Men honom, som er megtug til aa halda dykker uppe, so de ikkje snaava, og føra dykker lytelaust fram fyre sin Herlegdom i Fagnad,
25 den eine vise Gud, vaar Frelsar, honom vere Æra og Storvyrda, Kraft og Magt baade no og i all Æva! Amen.