Side:Nye testamente (1889).djvu/506

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
Judas’ Brev.

 

J

udas, Jesu Kristi Tenar og Jakobs Broder, til dei kallade, som ero helgade i Gud Fader og gøymde til Jesus Kristus:

2 Miskunn og Fred og Kjærleike vere med dykker i rikt Maal!
3 De Elskade, daa eg gjorde meg all Umak med aa skriva dykker til um vaar sameigne Frelsa, saag eg meg nøydd til aa skriva til dykker med Aaminning um aa strida fyre den Tru, som ein Gong er yvergjevi til dei heilage;
4 For nokre Menneskjor hava snikt seg inn, som longo fyrr ero uppskrivne til denne Dom: Ugudlege, som misbruka vaar Guds Naade til Utugt og neitta den einaste Husbonde, Gud, og vaar Herre Jesus Kristus.
5 Men eg vil minna dykker, daa de ein Gong vita dette, um at Herren, daa han hadde frelst Folket ut or Ægyptens Land, sidan øydelagde deim, som ikkje trudde.
6 Og dei Englar, som ikkje heldt fast ved sin høge Vyrdnad, men forlet sin eigen Heimstad, deim heve han haldet i Varetekt i ævelege Lekkjor under Myrkret til Domen paa den store Dag;
7 Liksom Sodoma og Gomorra og Byarne der umkring, daa dei paa same Vis som desse dreiv Hor og for etter framandt Kjøt, liggja der til eit Fyredøme, lidande dagleg æveleg Elds Refsing.
8 Lika eins er det med desse, med di dei ganga i Draumar: Kjøtet gjera dei ureint, Herredøme vanvyrda dei, Høgvyrdnaden spotta dei.
9 Men daa Yverengelen Mikael trættade med Djevelen um Mose Likam, vaagade han ikkje aa uttala ein spottande Dom, men sagde: „Herren refse deg!“
10 Men desse spotta det, som dei ikkje kjenna; men det dei av Naturi skyna liksom dei vitlause Dyr, med det tyna dei seg.
11  Usæle dei! for dei hava gjenget Kains Veg og hava kastat seg inn i Bileams Villa fyre Vinnings Skuld og ero øydelagde ved Koras Traass.
12 Desse ero Skamflekkjer ved dykkar Kjærleiks-Maaltider, med di dei utan Blygsla sitja i Gilde med dykker og fodra seg sjølve, vatslause Skyer, som verta umdriune av Vindar, avlauvade, fruktlause Tre, tvo Gonger utdøydde, upprykte med Rotom,
13 ville Havbaaror, som skuma ut si eigi Skam, villfarande Stjernor, som Kolmyrkret er etlat i all Æva.