Side:Nye testamente (1889).djvu/47

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


6 Og dei traa etter Høgsætet i Gildom og dei fremste Stolom i Stemnestovom,
7 og Helsingar paa Torgom, og aa verta kallade Rabbi, Rabbi av Menneskjom.
8 Men de skulo ikkja vilja vera kallade Rabbi; for ein er dykkar Meister, Kristus, men alle ero de Broder.
9 Og ikkje skulo de kalla nokon paa Jordi Fader dyttar; for ein er dykkar Fader, han som er i Himlom.
10 Og de skulo ikkje vilja vera kallade Lerarar, for ein er Læraren dyttar, det er Kristus.
11 Men den største av dykker skal vera Tenaren dykkar.
12 Men den, som høgrar seg sjølv, skal verta nedrad; og den, som nedrar seg sjølv, skal verta høgrad.
13 Men usæle de, Skriftlærde og Farisæarar, de Skrymtarar, at de læsa atter Himmelriket fyre Menneskjom; for de ganga ikkje inn der; og deim, som vilja ganga inn, sleppa de ikkje til.
14 Usæle de, Skriftlærde og Farisæarar, de Skrymtarar, at de eta upp Husi fyre Enkjom og fyre ei Syn Skuld gjera lange Bøner; fyre dette skulo de faa strengare Dom.
15 Usæle de, Skriftlærde og Farisæarar, de Skrymtarar, at de fara Sjo og Land etter aa vinna ein einaste Læresvein; og naar han vert det, gjera de honom til eit Helvitis Barn tvo Gonger verre enn de.
16 Usæle de, blinde Vegvisarar, som segja: Um nokon sver ved Templet, det er ingen Ting; men um nokon sver ved Gullet i Templet, han er andsvarleg.
17 De Daarar og Blinde! for kvat er størst, Gullet elder Templet, som helgar Gullet!
18 Og um nokon sver ved Altaret, det er ingen Ting; men um nokon sver ved Gaava paa Altaret, han er andsvarleg.
19 De Daarar og Blinde! Kvat er størst? Gaava elder Altaret, som helgar Gaava?
20 Den, som soleides sver ved Altaret, sver ved det og ved alt, som ligg paa det.
21 Og den, som sver ved Templet, sver ved det og ved honom, som bur i det.
22 Og den, som sver ved Himmelen, sver ved Guds Høgsæte og ved honom, som sit i det.
23 Usæle de, Skriftlærde og Farisæarar, de Skrymtarar, at de giva Tiend av Mynta og Anis og Karve, men ansa ikkje dei tyngre Ting i Logi: Rett, Miskunn og Tru; desse Ting skulde ein gjera og ikkje lata dei andre ugjorde.
24 De blinde Vegvisarar, som sila Myet av, men sluka Kamelen!
25 Usæle de, Skriftlærde og Farisæarar, de Skrymtarar, at de reinska Utsida av Skaali og Fat;