Aldetidi, sende han Tenararne sine
til Vingardsmennerne til aa taka
imot Frukti hans.
35 Og Vingardsmennerne tok
hans Tenarar og slog ein, slog i
Hel ein og steinade ein.
36 Atter sende han andre
Tenarar, fleire enn dei fyrste, og
dei gjorde likaeins med deim.
37 Og tilsist sende han Son
sin til deim og sagde: Dei vilja
hava Age fyre Son min.
38 Men daa Vingardsmennerne
saag Sonen, sagde dei ved
seg sjølve: Dette er Ervingen,
kome, lat oss slaa honom i Hel og
tilvenda oss hans Arv!
39 Og dei tok og dreiv honom
ut or Vingarden og slog honom
i Hel.
40 Naar no Vingards-Herren
kjem, kvat skal han daa gjera med
desse Vingardsmennom?"
41 Dei sagde til honom:
„Med Illt skal han avøyda desse
Illmenne og leiga Vingarden burt
til andre Vingardsmenner, som
kunna giva honom Frukter i deira
rette Tid."
42 Jesus segjer til deim:
„Hava de ikkje leset i Skriftom:
Den Steinen, som Bygningsmennerne
forkastade, han er vorten
til Hyrnestein. Av Herren vart
han gjord til det og er underfull
fyre Augom vaare?
43 Difyre segjer eg dytter:
Guds Rike slal verta teket ifraa
dykker og gjevet til eit Folk, som
ber Frukter av det.
44 Og den, som fell paa den
Steinen, han skal verta
sunderslegjen; men den, som han fell ned
paa, honom sjal han knasa."
45 Og daa Øvsteprestarne og
Farifearne høyrde hans Liknadar,
skynade dei, at det var um deim
han talade.
46 Og dei søkte aa gripa
honom, men var redde fyre Folket,
avdi dei heldt honom fyre ein
Profet.
1 Og Jesus svarade atter og
talade til deim i Liknadar og
sagde:
2 „Himmelriket likjest ein
Konge, som gjorde Brudlaup fyre
Son sin.
3 Og han sende ut sine
Tenarar til aa beda dei Innbodne
til Brudlaupet; men dei vilde ikkje
koma.
4 Atter sende han andre
Tenarar ut og fagde: „Segje til dei
Innbodne: Sjaa, Maaltidi mi
heve eg tilreidt; Uksarne mine og
Gjødfeet ero slagtade, og alt er
reidugt, kome til Brudlaups.
5 Men dei ansade det ikkje
og gjett burt, den eine til Aakren
sin, den andre til Kaupstaden sin.
6 Men dei andre greip
Tenararne hans og svivyrde deim og
slog deim i Hel.
7 Men daa Kongen høyrde
dette, vart han harm og sende sine
Herar og øydelagde desse Mordarar
og brende upp Byen deira.