Side:Nye testamente (1889).djvu/376

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

11 For dersom det burtkvervande var i Herlegdom, kor myket helder maa daa ikkje det vedvarande vera i Herlegdom?
12 Sidan me daa hava slik Von, so ganga me fram med hugheilt Mot.
13 og gjera ikkje som Moses, som lagde ei Sløda yver Andlitet sitt, so at Israels Born ikkje skulde stira paa Enden av det, som skulde kverva burt.
14 Men deira Tankar ero forherde; for lika til denne Dag ligg den same Sløda yver Lesingi av den gamle Pakti, utan aa verta burtteki; for i Kristus kverv ho burt;
15 men til denne Dag ligg Sløda yver deira Hjarta, naar Moses vert lesen.
16 Men naar det umvender seg til Herren, daa vert Sløda teki burt.
17 Men Herren er Anden; men der Herrens Ande er, der er Fridom.
18 Men me alle, som med berrt Andlit sjaa Herrens Herlegdom som i ein Spegil, verta umlagade til det same Bilæte fraa Herlegdom til Herlegdom, likasom av Herren, som er Anden.

4de Kapitlet.

 Difyre, daa me hava denne Tenesta, lktasom me hava fenget Misskunn, so verta me ikkje trøytte,
2 men me hava avsagt dei skammelege Løynvegar og ganga ikkje fram med Svik elder forfalska Guds Ord, men ved aa kunngjera Sanningi stella me oss sjølve fram fyre kvar Manns Samvit fyre Guds Aasyn.
3 Men er og vaart Evangelium dult, so er det dult fyre deim, som verta fortapte,
4 fyre deim, som denne Heimsens Gud heve blindat vantruande Folks Tankar hjaa, so at Ljoset av Evangeliet um Kristi Herlegdom, hans, som er Guds Bilæte, ikkje skal skina fyre deim.
5 For ikkje oss sjølve forkynna me, men Kristus Jesus som Herre, men oss sjølve som dykkar Trælar fyre Jesu Skuld.
6 For Gud, som agde, at Ljoset skulde skina utor Myrkret, er den, som let det skina i vaare Hjarto til aa lata Kunnskapen um Guds Herlegdom i Jesu Kristi Aasyn lysa.
7 Men me hava denne Skatten i Leir-Kjerald, so at den rike Krafti maa vera av Gud og ikkje av oss,
8 medan me i alle Ting ero trengde, men ikkje underkuade, tvilande, men ikkje fortvilande,
9 forfylgde, men ikkje uppgjevne, slegne ned, men ikkje øydelagde,
10 altid berande den Herre Jesu Kristi Daude um i Likamen, so at og Jesu Liv maa verta openberrat i vaar Likam;
11 for um me liva, verta me altid yvergjevne til Dauden fyre