Side:Nye testamente (1889).djvu/36

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

skal det flytja seg, og ingen Ting stal vera umogeleg fyre dykker.
21 Men dette Slaget gjeng ikkje ut, utan fyre Bøn og Fasta."
22 Men daa dei gjekk umkring i Galilea, sagde Jesus til deim: Menneskjesonen skal verta forraadd i Menneskjehender;
23 Og dei skulo slaa honom i Hel, og han skal standa upp den tridje Dagen." Og dei vart reint ille ved.
24 Men daa dei kom til Kapernaum, gjekk dei, som tok inn Tempelskatten, til Petrus og fagde: „Legg ikkje dyttar Meister Tempelskatt?"
25 Han segjer: „Jau". Og daa han kom inn i Huset, talade Jesus fyrst til honom og sagde: „Kvat tykkjer du, Simon! av kven taka Heimsens Kongar Toll elder Skatt? av Sonom sine elder av dei Andre?"
26 Petrus segjer til honom: „Av dei ’Andre". Jesus sagde til honom: „So ero Sonerne fri."
27 Men at me ikkje skulo avstyggja deim, so gakk til Sjøen, kasta ein Krok ut, og tak den fyrste Fisken, som kjem upp; og naar du opnar Munnen hans, so skal du finna ein Pening. Tak den og giv deim den fyre meg og deg."

18de Kapitlet.


1 Paa den same Tidi kom Læresveinarne til Jesus og sagde: „Kven er daa den største i Himmelriket?"
2 Og Jesus kallade til seg eit litet Barn, sette det midt imillom deim
3 og sagde: „Scmnelege segjer eg dykker: dersom de ikkje umvenda dykker og verta som dei smaa Born, kome de slet ikkje inn i Himmelriket.
4 Difyre den, som nedrar seg sjølv som dette vesle Barnet, han er den største i Himmelriket.
5 Og den, som tek imot eit slikt Barn i mitt Namn, han tek imot meg.
6 Men den, som avstyggjer ein av desse Smaa, som trur paa meg, fyre honom var det betre, at det var hengt ein Kvernstein um Halsen hans, og at han var nedsøkt i Havsens Djup.
7 Usel er Verdi fyre Avstyggjingar Skuld; for det er u-avvendelegt, at Avstyggingar maa koma; men usel den Menneskja, som Avstyggingi kjem ifraa!
8 Men dersom di Hand elder din Fot avstyggjer deg, fo hogg deim av og kasta deim ifraa deg; det er godt fyre deg aa ganga halt elder vanfør inn til Livet helder enn an hava tvo Hender og tvo Føter og vertn kastad i den evelege Elden.
9 Og um ditt Auga avstyggjer deg, so riv det ut og kasta det ifraa deg; det er godt fyre deg aa ganga einøygd inn til Livet helder enn aa hava tvo Augo og verta kastad i Helvites Eld.