Side:Nye testamente (1889).djvu/333

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Kristo Jesu i det, som høyrer Gud til.
18 For eg vil ikkje vaaga meg til aa tala um Annat enn det, som Kristus heve verkat ved meg til aa føra Heidningarne til Lydnad, ved Ord og Gjerning,
19 ved Krafti av Teikn og Under, ved Krafti av Guds Ande, so eg fraa Jerusalem og rundt ikring alt til Illyria heve fullt kunngjort Kristi Evangelium,
20 men daa soleides, at eg sette mi Æra i aa forkynna Evangeliet, ikkje der som Kristus alt var nemnd, at eg ikkje skulde byggja paa framand Grunnvoll,
21 men, som skrivet er: „Dei, som inkje er kunngjort um honom, skulo sjaa, og dei som ikkje hava høyrt, skulo skyna.“
22 Dermed er eg og jamnaste vorten hindrad fraa aa koma til dykker.
23 Men no, daa eg ikkje lenger heve Rom i desse Landslag, men i mange Aar heve lengtat etter aa koma til dykker,
24 no vil eg, naar eg fer til Spania, koma til dykker; for eg vonar aa sjaa dykker paa Gjenomferdi og faa Fylgjeskap av dykker dit, naar eg fyrst i nokon Mun heve fenget mitt Nøgje av dykker.
25 Men no fer eg til Jerusalem i ei Ærend fyre dei Heilage.
26 For Makedonia og Akaja hava funnet fyre godt aa gjera eit Samanskot til dei Fatige millom dei Heilage i Jerusalem.
27 Dei hava funnet so fyre godt, og dei ero og deira Skuldmenner; for naat Heidningarne hava fenget Lut i deira andelege gode Ting, so ero dei og skulduge til aa tena deim med dei timelege.
28 Naar eg daa heve fullført dette og trygt fenget denne Frukt i deira Hender, so vil eg fara derfraa gjenom dykkar Land til Spania.
29 Men eg veit, at naar eg kjem til dykker, so vil eg koma med ei Fylla med Velsigning av Kristi Evangelium.
30 Men eg aaminner dykker, Brøder, ved vaar Herre Jesus Kristus og ved Andens Kjærleike, um aa strida med meg i Bøner fyre meg til Gud,
31 at eg maa ganga fri fyre dei Vantruande i Judæa og mi Ærend til Jerusalem verta dei Heilage til Hugnad,
32 so eg kann koma til dykker meg Gleda, um Gud so vil, og kvikast up i Samvære med dykker.
33 Men den Gud, som giv Freden, vere med dykker alle! Amen.