Side:Nye testamente (1889).djvu/332

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

av Tru; men Alt, som ikkje er av Tru, det er Synd.

15de Kapitlet.

 Men me, som ero sterke, me ero skulduge til aa bera Vanstyrken hjaa dei Veike og ikkje vera oss sjølve til Hugnad.
2 Kvar av oss vere Næsten til Hugnad til det Gode, til Uppbygging!
3 For Kristus livde helder ikkje seg sjølv til Hugnad, men som skrivet er: „Hædningarne deira, som hæda deg, dei fall paa meg.“
4 For Alt, som fyrr er skrivet, det er skrivet oss til Lærdom, at me skulo hava Von ved det Tolmøde og den Trøyst, som Skrifterna giva.
5 Men den Gud, som giv Tolmødet og Trøysti, han give, at de maa vera samlynde med kvarandre etter Kristi Jesu Vilje,
6 so de samheldige, med ein Munn, kunna prisa Gud og vaar Herre Jesu Kristi Fader!
7 Difyre, take ved Kvarandre, liksom og Kristus tok ved oss til Guds Æra.
8 Men eg segjer, at Jesus Kristus er vorten ein Tenar fyre dei Umskorne, fyre Guds Sannleike, til aa stadfesta Lovnadarne til Federne;
9 men at Heidningarne skulo prisa Gud fyre Miskunn, som skrivet er: „Difyre vil eg prisa deg millom Heidningar og lovsyngja ditt Namn.“
10 Og atter segjer Skrifti: „Fagne dykker, Heidningar, saman med hans Folk!“
11 Og atter: „Love Herren, alle Heidningar! og prise honom, alle Folk!“
12 Og atter segjer Esaias: „Det skal vera Roti av Isai og han, som reiser seg til aa raada yver Heidningom; paa honom skulo Heidningarne vona.“
13 Men den Gud, som giv Von, han fylle dykker med all Gleda og Fred i Trui, at de kunna vera rike paa Von ved Krafti av den Heilage Ande!
14 Men eg er og sjølv fullvissad um dykker, mine Brøder! at de og ero fulle av Godleike, fyllte med all Kunnskap, og føre ogso til aa aaminna kvarandre.
15 Men endaa heve eg til Deils skrivet nokot djervt til dykker, Brøder! med di eg atte vilde aaminna dykker, etter den Naade, som er meg gjeven av Gud,
16 at eg skal vera Jesu Kristi Altartenar fyre Hedningarne og embætta som Prest med Guds Evangelium, at Ofret av Heidningom maa verta vellikat, helgat ved den Heilage Ande.
17 Difyre heve eg Ros i