Side:Nye testamente (1889).djvu/330

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

magti, so gjer det Gode, og du skal hava Ros av henne;
4 for ho er Guds Tenar, deg til Gode. Men gjerer du det Vonde, so ræddast! for ho ber ikkje Sverdet fyre inkje; for ho er Guds Tenar, ein Hemnar til Vreide yver den, som gjerer det Vonde.
5 Difyre er det naudsynlegt aa vera lydug, ikkje berre fyre Vreidens Skuld, men og fyre Samvitet.
6 Difyre leggja de daa og Skatt; for dei ero Guds Tenarar, som just taka Vare paa dette.
7 Give daa Alle det, de ero deim skulduge: den Skatt, som Skatt skal hava, den Toll, som Toll skal hava, den Age, som Age skal hava, den Æra, som Æra skal hava.
8 Verte Ingen nokot skulduge, utan det aa elska kvarandre; for den, som elskar den Andre, heve uppfyllt Logi.
9 For det Ord: Du skal ikkje driva Hor, du skal ikkje slaa i Hel, du skal ikkje stela, du skal ikkje bera falskt Vitne, du skal ikkje lysta, og um der er nokot annat Bodord, det vert atter samanteket til eitt i dette Ord: du skal elska Næsten din som deg sjølv.
10 Kjærleiken gjerer Næsten inkje Vondt; difyre er Kjærleiken Uppfylling av Logi.
11 Og dette gjeld det um no, daa me kjenna Tidi, at Timen er komen, daa me skulo vakna upp or Svevne; for Frelsa er oss nærre no, enn daa me tok ved Trui.
12 Det lid med Natti, og det stundar til Dag; lat oss daa leggja Verki fraa Myrkret av og taka Vaapen fyre Ljoset paa!
13 Lat oss ferdast sømelege som um Dagen, ikkje i Svir og Drykk, ikkje i Lauslivnad og Utugt, ikkje i Kiv og Ovund.
14 Men iklæde dykker Herren Jesus Kristus, og gjere dykker ikkje Umsut fyre Kjøtet til aa vekkja Lyster!

14de Kapitlet.

 Men take vel ved den, som er veik i Trui, utan aa døma Tankarne hans!
2 Den Eine heve Tru til aa eta alle Slag; men den Veike et berre Urter.
3 Den, som et, mismæte ikkje den; som ikkje et; og den, som ikkje et, døme ikkje den, som et; for Gud heve vedteket honom.
4 Kven er du, som dømer ein framand Dreng? Han stend elder fell fyre sin eigen Herre; men han skal verta standande; for Gud er megtug til aa halda honom uppe.
5 Den Eine held ein Dag hæv framfyre ein annan; den Andre held alle Dagar like; kvar vere fullviss i sin eigen Hug!