Side:Nye testamente (1889).djvu/328

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

ikkje skulo tykkjast dykker sjølv kloke): at Forherding til Deils er komi yver Israel, til dess at Fullnaden av Heidningom er komen inn,
26 og so skal heile Israel verta frelst; som skrivet er: „Fraa Sion skal Frelsaren koma og rydja Gudsløysa burt fraa Jakob;
27 og dette er mi Pakt med deim, naar eg tek deira Synder burt.“
28 Etter Evangeliet ero dei vel Fiendar fyre dykkar Skuld; men etter Utvalet ero dei elskade fyre Federne Skuld;
29 for Naadegaavorna og Kallet angrar Gud ikkje.
30 For liksom de fyrr var ulyduge imot Gud, men no hava fenget Miskunn ved deira Ulydnad,
31 so ero dei og no vortne ulyduge dertil, at dei og skulo saa Miskunn ved den Miskunn, som er dykker gjevi;
32 for Gud heve yvergjevet deim alle til Ulydnad, at han kunde miskunna deim alle.
33 Aa det Djup av Rikdom og Visdom og Kunnskap i Gud! kor uransakelege hans Domar ero, og kor urekkjande hans Vegar!
34 For kven kjende Herrens Hug, elder kven var Naadgivaren hans?
35 Elder kven gav honom nokot fyreaat, so det maatte verta honom vederlagt?
36 For av honom og ved honom og til honom ero alle Ting. Honom vere Æra i all Æva! Amen.

12de Kapitlet.

 So aaminner eg dykker, Brøder, ved Guds Miskunn, um aa framføra dykkar Likamar til eit Offer, som er livande, heilagt og huglegt fyre Gud, — dette er dykkar andelege Gudstenesta;
2 og lage dykker ikkje likt med denne Verdi, men umlagest ved Nyskaping av Hugen dykkar, so de kunna prøva, kvat som er Guds Vilje: det Gode, Huglege og Fullkomne.
3 For ved den Naade, som er meg gjeven, segjer eg til kvar og ein millom dykker, at han ikkje skal tenkja høgre um seg, enn han byr tenkja, men tenkja so, at han er bljugtenkt, etter so som Gud heve tiletlat kvar sitt Maat av Tru.
4 For liksom me hava mange Limer paa ein Likam, men ikkje alle Limerne hava den same Gjerning,
5 soleides ero me Mange ein Likam i Kristo, men kvar fyre seg ero me kvarannans Limer.
6 Og saa me hava ymse Naadegaavor alt etter den Naade, som er oss gjeven, so lat