Side:Nye testamente (1889).djvu/322

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

som de døyda Likamens Gjerningar ved Anden, skulo de liva.
14 For so Mange, som verta drivne av Guds Ande, dei ero Guds Born.
15 For de fekk ikkje ein Tældoms Ande til Ræddhug atter; men de fekk ein Barnakors Ande, og ved honom ropa me: Abba, Fader!
16 Anden sjølv vitnar med vaar Ande, at me ero Guds Born.
17 Men ero me Born, so ero me og Ervingar, det er: Guds Ervingar og Kristi Medervingar, so framt me lida med honom, at me og skulo verta herleggjorde med honom.
18 For eg held so fyre, at Lidingarne i den noverande Tid ikkje ero vyrdande imot den Æra, som skal openberrast paa oss.
19 For Skapninger stundar med Lengting etter Openberringi av Guds Born;
20 for Skapningen er lagd under Vesaldomen, ikkje godviljug, men etter Viljer hans, som lagde honom derunder,
21 i Von um, at Skapningen og skal verta frigjord fraa Trældomen under Tunsla til Fridomen i Æra med Guds Born.
22 For me vita, at all Skapningen sukkar saman og verkjer saman alt til desa;
23 ja ikkje berre det, men me og, som hava Fyrstegrøda av Anden, jamvel me sukka med oss sjølve, medan me stunda etter Barnakoret, vaar Likams Utløysning.
24 For i Voni vart me frelste; men ei Von; for kvi skulde Ein vona det, som han ser?
25 Men dersom me vona det, me ikkje sjaa, so stunda me deretter med Tolmøde.
26 Men sameleides kjem og Anden vaar Vanmagt til Hjelp; for me vita ikkje, kvat me skulo beda um, so som det turvtest; men Anden sjølv gjeng i Bøn fyre oss med usegjelege Sukkar;
27 men han, som ransakar Hjarto, veit kvat Anden meiner; for etter Guds Vilje gjeng han i Bøn fyre dei Heilage.
28 Men me vita, at alle Ting lagast deim til Gode, som elska Gud, deim som etter hans Raadgjerd ero kallade.
29 For deim, som han fyreaat kjende, deim forade han og fyreaat til aa verta tilskapade etter hans Sons Bilæte, at han skulde vera den fyrstefødde millom mange Brøder;
30 men deim, han fyreaat korade, deim kallade han og; og deim, han kallade, deim rettferdiggjorde han og; og deim, han rettferdiggjorde, deim herleggjorde han og.
31 Kvat skulo me daa segja