Side:Nye testamente (1889).djvu/318

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


14 men endaa valdade Dauden fraa Adam til Moses ogso yver deim, som ikkje hadde syndat i Likning med Adams Misgjerd, han som er eit Fyredøme paa den Tilkomande.
15 Det er daa ikkje so med Naadegaava som med Fallet; for døydde dei Mange ved Fallet av den Eine, so er Guds Naade og Naadegaava av den eine Menneskja Jesus Kristus so myket meir vorten ovrik fyre dei Mange.
16 Og ikkje er det med Gaava, som det var med Syndi av den Eine; for Domen kom fraa den Eine til Fordøming, men Naadegaava etter mange Fall til Fridøming.
17 For dersom Dauden fyre den eine Manns Fall valdade ved den Eine, so skulo dei, som taka imot den ovrike Naade og Rettferds Gaava, so myket meir valda i Livet ved den Eine, Jesus Kristus. —
18 Difyre, liksom einManns Fall vart til Fordøming fyre alle Menneskjor, so vart og einManns rettferdige Gjerning til Livsens Rettferdiggjering fyre alle Menneskjor.
19 For liksom dei Mange vart Syndarar ved Ulydnaden av den eine Mennskja, so skulo og dei Mange verta rettferdige ved Lydnaden av den Eine.
20 Men Logi kom attaat, at Fallet skulde verta større; men der Syndi vart større, vart Naaden endaa meir ovstor,
21 fyredi at, liksom Syndi valdade ved Dauden, so skulde og Naaden valda ved Rettferd til ævelegt Liv ved Jesus Kristus vaar Herre.

6te Kapitlet.

 Kvat skulo me daa segja? Skulo me halde fram med Syndi, at Naaden kann verta større?
2 Langt derifraa! Me, som ero avdøydde fraa Syndi, kor skulo me endaa liva i henne?
3 Elder vita de ikkje, at alle me, som vart døypte til Kristus Jesus, me vart døypte til Dauden hans?
4 Me vart soleides gravlagde med honom ved Daupen til Dauden hans, fyredi at, liksom Kristus vart uppvekt fraa dei Daude ved Faderens Herlegdom, so skulo og me ferdast i ein ny Livnad.
5 For dersom me ero samlagade med honom til Likning med Dauden hans, so skulo me og vera det til Likning med Uppstoda hans,
6 daa me vita dette, at vaar gamle Mennskja vart krossfest med honom, so Syndalikamen skulde verta til inkjes, so me ikkje lenger skulo tena Syndi;
7 for den, som er daud, er rettferdiggjord fraa Syndi.
8 Men døydde me med