Side:Nye testamente (1889).djvu/316

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

„Men Abraham trudde Gud, og det vart reknat honom til Rettferd.“
4 Men den, som fer med Gjerningar, honom vert Løni ikkje tilreknad etter Naade, men etter Skyldnad;
5 men den derimot, som ikkje ser med Gjerningar, men trur paa honom, som rettferdiggjerer den Ugudlege, honom vert Trui hans reknad til Rettferd.
6 Liksom og David segjer den Menneskja sæl, som Gud tilreknar Rettferd utan Gjerningar:
7 „Sæle ero dei, som deira Misgjerder vart forlatne og deira Synder yverbreidde.
8 Sæl den Mann, som Herren ikkje tilreknar Synd!“
9 Gjeld no denne Sælking Umskjeringi elder Fyrehudi og? for me segja daa, at Trui vart Abraham reknad til Rettferd.
10 Korleides vart ho daa tilreknad honom? med Umskjering elder med Fyrehud? Ikkje med Umskjering, men med Fyrehud.
11 Og han fekk Umskjeringteiknet som eit Innsigle paa den Rettferd af Trui, som han hadde med Fyrehudi, fyredi at han skulde vera Fader til alle deim, som tru med Fyrehud, at Rettferd skulde verta tilreknad deim og,
12 og Fader til dei Umskorne, som ikkje berre hava Umskjering, men som og ganga i Fotfarom av den Tru, som Abraham Fader vaar hadde med Fyrehudi.
13 For ikkje ved Logi vart den Lovnaden gjeven Abraham og Ætti hans, at han skulde vera Erving til Verdi, men ved Rettferdi av Tru.
14 For dersom dei, som hava Logi, ero Ervingar, so er Trui gjord gagnlaus og Lovnaden til inkjes;
15 for Logi verkar Vreide; for der ingi Log er, der er helder ingi Motgjerd.
16 Difyre er Arven av Tru, at han kunde vera av Naade, at Lovnaden kunde standa fast fyre all Ætti, ikke berre fyre den, som heve Logi, men og fyre den, som heve Abrahams Tru, han som er Fader fyre oss alle
17 (som skrivet er: „Eg heve sfett deg til Fader fyre mange Folk“) fyre Guds Aasyn, som han trudde paa, som gjerer dei Daude livande og kallar det, som ikkje er til, som det var til.
18 For han trudde med Von mot Von, at han skulde verta Fader til mange Folk, etter det, som sagt var: „So skal di Ætt vera;“
19 og daa han ikkje var veik i Trui, so saag han ikkje paa sin eigen Likam, som alt var utlivd, med di han var