Side:Nye testamente (1889).djvu/312

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

18 For Guds Vreide vert openberrad fraa Himmelen yver all Gudløysa og Urettferdi hjaa dei Menneskjor, som forhalda Sanningi ved Urettferd;
19 etterdi det, som Ein kann vita um Gud, er kunnigt ibland deim; for Gud heve kunngjort deim det.
20 For hans usuynlege Kynde, baade hans ævelege Kraft og Guddom, det vert skodat, sidan han skapte Verdi, daa det er skynande av Gjerningom, — so dei ero ikkje orsakande;
21 for endaa dei kjende Gud, so ærade og takkade dei honom ikkje som Gud, men vart faafengde i sine Tankar og deira uvituge Hjarta formyrktest.
22 Medan dei sagdest vera vise, vart dei Daarar,
23 og dei bytte den uforgjengelege Guds Herlegdom burt fyre eit Bilæte i Likning med ei forgjengeleg Menneskja og med Fuglar og firføtte Dyr og Krekelde.
24 Difyre yvergav Gud deim i deira Hjartans Lyster til Ureinska, so dei skjemde sine Likamar seg imillom,
25 med di dei bytte Guds Sanning burt fyre Lygn og ærade og dyrkade Skapningen framfyre Skaparen, som er velsignad i all Æva, Amen.
26 Difyre yvergav Gud deim til skammelege Lyster; for baade Kvinnorna deira forvende det naturlege Bruket til det unaturlege,
27 og framleides forlet og Mennerne det naturlege Bruket av Kvinna og kveiktest upp i si Lyst til kvarandre, so at Menner dreiv Skjemdaverk med Menner og fekk paa seg sjølve det Vederlag fyre si Villferd, som rett var.
28 Og liksom dei ikkje vyrde um aa hava Kunnskap um Gud, so yvergav Gud deim til eit vanvyrdande Huglynde, til aa gjera det Usømelege,
29 so dei ero fyllte med all Urettferd, Hordom, Argskap, Vinnesykja, Vondskap, fulle av Ovund, Mord, Trætte, Svik, Fulkynde,
30 Øyretutarar, Baktalarar, gudhatade, ovmodige, storlaatne, stororduge, uppfinnsame til Vondt, ulyduge mot Foreldre,
31 uvituge, usætande, ukjærlege, usemjande, miskunnlause,
32 slike, som vel kjenna Guds Dom, at dei, som gjera slikt, ero skyldige til Dauden, og endaa ikkje berre gjera det, men og giva sitt Samtykke til deim, som gjera det.

2dre Kapitlet.

 Difyre er du, Menneskja, ikkje orsakande, kven du so er, som dømer; for med di du dømer den Andre, fordømer du deg sjølv; for du, som dømer, gjerer sjølv det same.