Side:Nye testamente (1889).djvu/311

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
Apostelen Pauli Brev til Romararne.
1ste Kapitlet.

 

P

aulus, Jesu Kristi Tenar, kallad til Apostel, utkorad til aa forkynna Guds Evangelium,

2 som han fyrr lovade ved Profetarne sine i dei heilage Skrifter,
3 um hans Son, som etter Kjøtet er komen av Davids Ætt;
4 som etter Heilagdoms Ande er sannkjend som Guds Son med Velde ved Uppstoda fraa dei Daude, Jesus Kristus vaar Herre,
5 som me fekk Naade ved og Apostelembætte til aa verka Lydnad imot Trui millom alle Heidningar fyre hans Namns Skuld,
6 og millom deim ero de og kallade til Jesus Kristus: —
7 til alle Guds Elskade, Kallade, Heilage, som ero i Rom. Naade vere med dykker og Fred fraa Gud vaar Fader og Herren Jesus Kristus!
8 Fyrst takkar eg min Gud ved Jesus Kristus fyre dykker alle, fyredi dykkar Tru er velgjeti i all Verdi.
9 For Gud, som eg tener i min Ande i Evangeliet um hans Son, han er mit Vitne um, kor uavlatande eg kjem dykker i Hug,
10 med di eg i mine Bøner alltid bed um, at eg daa eingong kunde faa Lukka til, med Guds Vilje, aa koma til dykker;
11 for eg stundar etter aa sjaa dykker, at eg kunde giva dykker eikor andeleg Naadegaava med meg, so de kunde styrkjast,
12 det vil segja, at eg hjaa dykker kunde hyggjast saman med dykker ved den samlike Tru, dykkar og mi.
13 For eg vil ikkje, Brøder! at de skulo vera uvitande um, at eg ofte heve etlat meg til aa koma til dykker (men eg vart hindrad til dessa), at eg kunde hava nokor Frukt hjaa dykker og, liksom hjaa dei andre Heidningar.
14 Eg stend i Skuld baade til Grekarar og Barbarar, baade til Vise og Uvise.
15 Soleides er eg fyre min Deil buen til aa forkynna Evangeliet fyre dykker og, som ero i Rom.
16 For eg skjemmest ikkje ved Kristi Evangelium; for det er ei Guds Kraft til Frelsa fyre kvar den, som trur, fyre Jøde fyrst og fyre Grekar.
17 For i det vert Guds Rettferd openberrad av Tru til Tru, som skrivet er: „Men den Rettferdige av Tru skal liva.“