Side:Nye testamente (1889).djvu/28

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Skurdetidi skal eg segja til Skurdfolket: Sanke fyrst Svimlingen saman og binde honom i Bundlar til aa brenna honom upp; men føre Kveiten saman i Løda mi!"
31 Ein annan Liknad sette han fram fyre deim og sagde: „Himmelritkt er likt eit Senopskorn, som ei Menneskja tok og saadde i Aakren sin.
32 Det er det minste av alt Frækorn; men naar det veks til, er det større enn andre Hagevokstrar og vert til eit Tre, so Fuglarne under Himmelen koma og byggja Reid i Greinom paa det."
33 Ein annan Liknad talade han til deim: „Himmelriket er likt ein Surdeig, som ei Kvinna tok og gjøymde i tri Maal Mjøl, til det heile vart syrt."
34 Alt dette talade Jesus til Folket i Liknadar; og utan Liknadar talade han ittje til deim,
35 at det skulde verta uppfyllt, som er talat ved Profeten, som segjer: „Eg vil lata upp Munn min i Liknadar; eg vil ropa ut det, som var dult, ifraa Verdi vart grunnlagd."
36 Daa leet Jesus Folket fara og kom inn i Huset. Og Læresveinarne hans kom til honom og sagde: „Uttyd oss den Liknaden um Svimlingen paa Aakren!"
37 Men han svarede og sagde til deim: „Den, som saar det gode Seede, er Menneskjesonen.
38 Men Aakren er Verdi; men det gode Seedet, det er Borni til Riket; men Svimlingen er Borni til den Vonde.
39 Men Fienden, som saadde denne, er Djævelen; men Skurden er Heimsens Ende; men Skurdfolki ero Englar.
40 Likasom daa Svimlingen vert samlad og uppbrend i Eld, soleides skal det vera ved denne Heimsens Ende.
41 Menneskjefonen skal senda sine Englar, og dei skulo sanka ut or Riket hans alle Avskyggingar og alle deim, som gjera Urett,
42 og kaste deim i Eld-Omnen; der skal det vera Graat og Tanngnistring.
43 Daa skulo dei Rettferdige skina som Soli i deira Faders Rike. Den, som heve Øyro til aa høyra med, han høyre.
44 Atter er Himmelriket likt ein Skatt, som var gjøymd i ein Aaker, og som ei Menneskja fann og gjøymd; og i Gleda yver det gjekk han burt og selde alt det, han aatte, og køypte den Aakren.
45 Atter er Himmelriket likt ein Kaupmann, som søkte etter gode Perlor,
46 og daa han fann ei dyrverdig Perla, gjekk han og selde alt det, han aatte, og køypte henne.
47 Atter er Himmelriket likt ei Not, som vart kastad i Sjøen og sankade saman av alt Slag.
48 Og daa ho var fyllt, drog dei henne paa Land og sat og