Side:Nye testamente (1889).djvu/26

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Stader og søkjer Kvild og finn ikkje.
44 Daa segjer han: „Eg vil venda atter til Huset mitt, der eg gjekk ut ifraa" ; og baar han kjem, daa finn han det lidugt, sopat og fjelgat.
45 Daa gjeng han og tek sjau andre Andar med, verre enn han sjølv ; og naar dei ero komne inn, bu dei der; og det siste vert verre med den Menneskja enn det fyrste. Soleides skal det og gange denne vonde Ætti."
46 Men endaa medan han talade til Folket, sjaa, daa stod Moder hans og Brøderne hans utanfyre og søkte aa faa tala med honom.
47 Men det var nokon, som sagde til honom: „Sjaa, Moder di og Brøderne dine standa utanfyre og vilja faa tala med deg!"
48 Men han svarede og sagde til den, som talade til honom: „Kven er Moder mi? og kven er Brøderne mine?"
49 Og han rette Handi ut mot sine Læresveinar og sagde: „Sjaa, det er Moder mi og Brøderne mine.
50 For den, som gjerer Viljen til min Fader i Himlom, han er min Broder og mi Syster og Moder."

13de Kapitlet.


1 Men den same Dagen gjekk Jesus ut or Huset og sette seg ved Sjøen.
2. Og myket Folk kom saman til honom, so at han steig inn i Baaten og sette seg, og alt Folket stod paa Land.
3 Og han talade mangt til deim i Liknadar og sagde: „Sjaa, ein Saamann gjekk ut og skulde saa:
4 Og daa han saadde, fall sumt ned ved Vegen; og Fuglarne kom og aat det upp.
5 Men fumt fall paa Steingrunn, der det ikkje hadde myket Jord; og det rann snøgt upp, avdi det ikkje hadde djup Jord.
6 Men daa Soli steig, skein det av og visnade, avdi det ikkje hadde Rot.
7 Men sumt fall imillom Klunger; men Klungren vaks upp og tjøvde det.
8 Men sumt fall i god Jord og gav Grøda, sumt hundrad, sumt seksti og sumt tretti Foll.
9 Den, som heve Øyro til aa høyra med, han høyre!"
10 Og Læresveinarne kom og sagde til honom: „Kvi fyre talar du til deim i Liknadar?"
11  Men han svarede og sagde til deim : „Fyridi at dykker er det gjevet aa kjenne Løyndomarne i Himmelriket; men deim er det ikkje gjevet;
12 for den, som heve, honom skal det verta gjevet, og han skal hava fullt upp; men den, som ikkje heve, fraa honom skal det verta teket jamvel det, som han heve.
13 Difyre talar eg til deim