Side:Nye testamente (1889).djvu/25

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

det daa, som dykkar Søner driv deim ut ved? Difyre skulo dei vera dyttar Domarar.
28 Men dersom eg driv vonde Andar ut ved Guds Ande, so er daa Guds Rike komet til dykker.
29 Elder korleides kann nokon ganga inn i ein sterk Manns Hus og rana hans Bunad, utan han fyrst bind den sterke, og daa kann han rana Huset hans.
30 Den, som ikkje er med meg, han er imot meg; og den, som ikkje sankar med meg, han spreider.
31 Difyre segjer eg dytter: All Synd og Spotting skal verta Mennestjom forlati; men Spotting imot Anden skal ikkje verta Menneskjom forlati.
32 Og den, som segjer eit Ord imot Menneskjesonen, honom skal det verta forlatet; men den, som segjer det imot den heilage Ande, honom skal det ikkje verta forlatet korkje i denne Verdi elder i den komande.
33 Lat anten Treet vera godt, og daa vert Frukti av det god; elder lat Treet vera rotet, og daa vert Frukti av det roti; for paa Frukti vert Treet kjent.
34 De Orme-Ungar, korleides kunna de, som ero vonde, tale det, som er godt? for av Hjartans Overfylla talar Munnen.
35 Den gode Menneskja legg fram gode Ting av den gode Skatten i sitt Hjarta; og den vonde Menneskja legg fram vonde Ting av den vonde Skatten.
36 Men eg segjer dykker, at Menneskjorna skulo paa Domedag gjera Reiknestap fyre kvart eit gagnlaust Ord, som dei hava talat.
37 For etter dine Ord skal du verta kjend rettferdig, og etter dine Ord skal du verta fordømd. —
38 Daa svarade nokre av dei Skriftlærde og av Farisæarom og sagde: „Meistar, me vilja sjaa eit Teikn av deg."
39 Men han svarade og sagde til deim: „Ei vond og horsam Ætt søkjer Teikn; og Teikn skal ikkje verta henne givet, utan Profeten Jonas’ Teikn.
40 For likasom Jonas var i Buken paa Fisken tri Dagar og tri Næter, soleides skal og Menneskjesonen vera gjøymd under Jordi tri Dagar og tri Næter.
41 Mennerne fraa Ninive skulo standa upp i Domen med denne Ætti og fordøma henne; for dei umvende seg ved Jonas’ Forkynning, og sjaa, her er meir enn Jonas.
42 Drottningi fraa Sudlandet stal standa upp i Domen med denne Ætti og fordøma henne; for ho kom ifraa Endarne av Jordi til aa høyra Salomons Visdom, og sjaa, her er meir enn Salomon.
43 Men naar den ureine Anden er faren ut or Menneskja, so gjeng han igjenom vætelaust