Side:Nye testamente (1889).djvu/21

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

men den, som held ut til Enden, han skal verta frelst.
23 Men naar dei forfylgja dykker i den Byen, so flye til den andre. For sannelege segjer eg dykker: De skulo ikkje verta ferdige med Israels Byar, fyrr enn Meniskjesonen kjem.
24 Ikkje er Læresveinen yver Meisteren og helder ikkje Tenaren yver sin Herre.
25 Det er nog fyre Læresveinen, at han maa verta som sin Meister, og fyre Tenaren som sin Herre; hava dei kallat Husbonden Be’elsebub, kor myket meir daa Huslyden hans?
26 So ottast daa ikkje fyre deim! For Inkje er dult, som ikkje skal verta openberrat; og Inkje er Iøynt, som ikkje skal verta kjent.
27 Det, som eg segjer dykker i Myrkret, skulo de segja i Ljoset; og det, som de høyra i Øyrat, skulo de forkynna paa Takom.
28 Og vere ikkje rædde deim, som slaa Likamen i Hel, men ikkje kunna slaa Saali i Hel! Men vere helder rædde honom, som kann øydeleggja baade Saal og Likam i Helvite.
29 Verta ikkje tvo Sporvar selde fyre ein Pening? Og ein av deim fell ikkje aat Jordi, utan dykkar Faders Vilje.
30 Men paa dykker ero jamvel alle Hovudhaari talde.
31 Difyre vere ikkje redde! De ero meir enn mange Sporvar.
32 Difyre den, som vedkjennest meg fyre Menneskjom, honom vil og eg vedkjennast fyre min Fader i Himlom.
33 Men den, som neittar meg fyre Menneskjom, honom vil og eg neitta fyre min Fader i Himlom.
34 De maa ikkje tenkja, at eg er komen til aa sende Fred paa Jordi; ikkje er eg komen til aa sende Fred, men Sverd.
35 For eg er komen til aa gjera ei Menneskja usamd med Fader sin og Dotter med Moder si og Sonekona med Vermoder si.
36 Og Fiender av Menneskja skal hans Huslyd verta.
37 Den, som elskar Fader elder Moder meir enn meg, han er meg ikkje verd; og den, som elskar Son elder Dotter meir enn meg, han er meg ikkje verd.
38 Og den, som ikkje tek Krossen sin og fylgjer etter meg, han er meg ikkje verd.
39 Den, som finn sit Liv, han skal misst det; men den, som mister sitt Liv fyre mi Skuld, han skal finna det.
40 Den, som tek imot dykker, han tek imot meg; og den, som tek imot meg, han tek imot honom, som utsende meg.
41 Den, som tek imot ein Profet i ein Profets Namn, han skal faa Profets Løn; og den, som tet imot ein Retferdig i rettferdig Manns Namn, han skal faa rettferdig Manns Løn.
42 Og den, som giv ein av