Side:Nye testamente (1889).djvu/20

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Apostlom ero: Fyrst Simon, som er kallad Petrus, og Andreas, Broder hans, Jakob, Sebedæus’ Son, og Johannes, Broder hans,
3 Filippus og Bartolomæus, Tomas og Mattæus, Tollmannen, Jakob, Alfæus’ Son, og Lebbæus med Tilnamn Taddæus,
4 Simon, Kananæaren, og Judas Iskariot, som og forraaade honom.
5 Desse tolv sende Jesus ut og baud deim og sagde: „Gange ikkje nokon Veg til Heidningar, og gange ikkje inn i nokon By til Sllmaritanarar!
6 Men fare helder til dei forvillte Sauderne av Israels Hus!
7 Men naar de ero paa Ferdi, so forkynne og segje, at Himmelriket er komet nær!
8 Lækje Sjuke, gjere Spitelske reine, vekkje upp Daude, drive ut vonde Andar! De sett det fyre Inkje, give det fyre Inkje!
9 Ikkje skulo de hava Gull, ikkje Sylv, kktje Kopar i Beltom dykkar,
10 ikkje Skreppa paa Vegen, ikkje tvo Kjolar, ikkje Sko, ikkje Stav; for Vinnemannen er si Føda verd.
11 Men naar de ganga inn i ein By elder Landsby, spyrje daa etter, kven som der er det verd, og drygje daa der, til dess, de ganga der ifraa!
12 Men naar de ganga inn i eit Hus, so helse der!
13 Og um Huset er det verdt, so kome dykkar Fred yver det men um det ikkje er det verdt, so vende dykkar Fred atter til dykker.
14 Og um nokon ikkje vil taka imot dytter og ikkje høyra Ordi dykkar, gange daa ut or det Huset elder or den Byen, og riste Dusti av Fotom dyttar!
15 Sannelege segjer eg dyller : det skal ganga Sodoma og Gomorra tolelegare paa Domedag enn den Byen.
16 Saåa, eg sender dykker som Sauder imillom Ulvar. Verte difyre kloke fom Ormar og sviklause som Duvor!
17 Men vare dykker fyre Menneskjom, for dei skulo yvergiva dykker til Raadet og hudflengj dykker i Stemnestovom deira!
18 Men de skulo og verta førde fram fyre Fyrstar og Kongar fyre mi Skuld, til Vitne fyre deim og Heidningom.
19 Men naar dei yvergiva dykker, so syte ikkje fyre, korleides elder kvat de skulo tala! for det skal verta dytter gjevet i den same Timen, kvat de skulo tala;
20 For det er ikkje de, som tala, men min Faders Ande, som talar i dykker.
21 Men Broder skal yvergiva Broder til Dauden, og Fader Born, og Born skulo setja seg upp imot Foreldre og slaa deim i Hel.
22 Og de skulo verta hatade av Alle fyre mitt Namns Skuld;