Side:Nye testamente (1889).djvu/19

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


20 Og sjaa, ei Kvinna, forn hadde havt Blodsott i tolv Aar, kom fram attantil og rørde ved Saumen av Klædnaden hans.
21 For ho sagde ved seg sjølv: „Um eg berre feer røra ved Klædnaden hans, fo vert eg lækt."
22 Men Jesus vende seg, saag paa henne og sagde: „Dotter, ver frihugad! Din Tru heve frelst deg." Og Kvinna vart frelst ifraa den same Timen.
23 Og daa Jesus kom i Huset til Hovdingen og saag Fløytespelararne og den staakande Mængdi,
24 daa segjer han til deim: „Gange undan! Gjenta er ikkje daud, men ho søv." Og dei log aat honom.
25 Men daa Mengdi var drivi ut, gjekk han inn, tok henne i Handi, og Gjenta reiste seg.
26 Og Gitordet um dette kom ut i det heile Landet.
27 Og daa Jesus gjekk der ifraa, daa fylgde det honom tvo blinde Menneskjor, som ropade og sagde: „Miskunnn oss, Davids Son,"
28 Men daa han kom inn i Huaet, kom dei Blinde til honom; og Jesus fagde til deim: „Tru de, at eg kann gjera dette?" Dei segja til honom: „Ia Herre!"
29 Daa rorde han ved Augo deira og sagde: „Det gange dykker etter dykkar Tru!"
30 Og Augo deira vart opnade; og Jesus talade strengt til deim og sagde: „Sjaa til, at Ingen feer vita det!"
31 Men daa dei gjekk ut, fortalde dei um honom i heile Landet.
32 Men daa desse var gangne ut, førde dei til honom ei maallaus Mennektja, som var forgjord.
33 Og daa den vonde Anden var driven ut, talade den Maallause, og Folket undrade feg og sagde: „Aldrig er slitt seet i Israel."
34 Men Farisæarne fagde: „Det er ved Hovdingen fyre dei vonde Andar at han driv dei vonde Andar ut."
35 Og Jesus gjekk umkring i alle Byar og Landsbyar og lærde i Stemnestovom deira og forkynte Evangeliet um Riket, og lækte all Sjukdom og all Vanhelsa hjaa Folket.
36 Men daa han saag Folket, ynkadest han yver dem; for dei var forkomne og yvergjevne likasom Sauder, som ingjen Hyrding hava.
37 Da segjer han til sine Læresveinar: „Hausten er stor; men Vinnekolki ero faae.
38 Bede difyre Haustens Herre, at han driv ut Vinnefolk til fin Haust!"

10de Kapitlet.


1 Og han kallade sine tolv Læresveinar til seg og gav deim Magt yver dei ureine Andarne, til aa driva deim ut, og Iækja all Sjukdom og all Vanhelst.
2 Men Namni paa dei tolv