Side:Nye testamente (1889).djvu/13

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Ord som Heidningarne; for dei tenkja aa verta bønhøyrde ved sin Rikdom paa Ord.
8 Difyre skulo de ikkje likjast paa deim; for Fader dykkar veit, kvat de have Tarv til, fyrr enn de beda honom.
9 Difyre skulo de beda soleides: Fader Vaar, du som er i Himlom! Helgat verte ditt Namn!
10 Tilkome ditt Rike! Verte din Vilje, som i Himmelen, so og paa Jordi!
11 Giv oss vaart daglege Braud i Dag!
12 Og forlat oss vaar Skyld, likasom me forlata deim, som ero oss skyldige!
13 Og før oss ikkje inn i Freisting ! men frels oss ifraa det Vonde! for ditt er Riket og Magti og Æra i all Æva. Amen.
14 For dersom de forlata Menneskjom deira Missgjerningar, so skal ogso dytter Fader i Himlom forlata dykker.
15 Men dersom de ikkje forlata Menneskjom deira Missgjerningar, so skal helder ikkje Fader dykkar forlata dykker Missgjerningnrne dykkar.
16 Men naar de fasta, maa de ikkje vera sturne aa sjaa til som Skrymtararne; for dei avlaga Andlitet sitt, so at dei kunna gjera det synlegt fyre Mennefljom, naar dei fasta. Sannelege segjer eg dykker: Dei hava alt fenget Løni si.
17 Men naar du fastar, so salva ditt Hovud og vaska ditt Andlit.
18 so at det ikkje vert synlegt fyre Menneskjom. at du fastar, men fyre din Fader, som er i Løyndom; og din Fader, som ser i Løyndom, han skal løna deg i Berrfynom !
19 Leggje dykker ikkje upp Liggjandese paa Jordi, der Mol og Mott eta upp, og der Tjuvar brjota inn og stela!
20 Men leggje dykker upp Liggjandese i Himmelen, der korkje Mol elder Mott eta upp, og der Tjuvar ikkje brjota inn elder stela! —
21 For der dykkar Liggjandese er, der vil og dykkar Hjarta vera.
22 Ljoset i Likamen er Augat ; difyre, dersom ditt Auga er reint, vil heile din Likam vera ljos.
23 Men dersom ditt Auga er vondt, vil heile din Likam vera murk; dersom daa Ljoset i deg er Myrker, kor stort er ikkje Myrkret daa?
24 Ingen kan tena tvo Herrar; for anten vil han hata den eine og elska den andre, elder han vil halda seg til den eine og vanvyrda den andre; de kunna ikkje tena Gud og Mammon!
25 Difyre segjer eg dykker: Syte ikkje fyre dykkar Liv, kvat de skulo eta, og kvat de skulo drikka, og ikkje fyre dykkar Likam. kvat de skulo klæda dykker med! Er ikkje Livet meir enn Maten? og Likamen meir enn Klædi?