Side:Markusevangeliet (1870).djvu/63

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Hovudsmannen, gav han Josef Likamen. 46 Og han køypte eit fint Linklæde, tok honom ned og sveipte honom i Linklædet og lagde honom i ei Grav som var uthoggi i eit Berg, og velte ein Stein fyre Dyri til Gravi. 47 Men Maria fraa Magdala og Maria, Moder til Joses, saago kvar han vardt lagd.

16. Kapitel.

Ein Engel kunngjerer Kvinnorna Jesu Uppstanding, 1—8. Jesus visar seg fyre Maria Magdalena, fyre tvo Læresveinar og fyre dei elleve; sender Læresveinarne ut at forkynna Evangelium; fer til Himmels. Læresveinarne ganga ut og tala til Folket, 9—20.

1 Og daa Kviledagen var avliden, køypte Maria fraa Magdala og Maria, Moder til Jakob, og Salome angande Urter, at dei kunde koma og salva honom. 2 Og myket tidlege paa fyrste Dag i Vika komo dei til Gravi, daa Soli rann. 3 Og dei sagde til kvarandre: „Kven skal velta oss Steinen fraa Dyri til Gravi?“ 4 Og daa dei saago aat, vordo dei vare ved at Steinen var burtvelt, for han var hardla stor. 5 Og dei gingo inn i Gravi og saago ein ung Mann sitja paa høgre Sida, klædd i ein kvit og sid Klædnad, og dei vordo ovlege rædde. 6 Og han sagde til deim: „Vere ikkje rædde. De leita etter Jesus fraa Nazaret, den krossfeste; han er uppstaden, han er ikkje her. Sjaa her Staden, der dei lagde honom. 7 Men gange burt og segje hans Læresveinar og Petrus at han gjenger fyre dykker til Galilea; der skulo de sjaa honom, so som han sagde dykker.“ 8 Og dei gingo ut og flydde fraa Gravi,