Side:Markusevangeliet (1870).djvu/62

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

komen, vardt det eit Myrkr yver heile Landet inntil niande Timen. 34 Og i niande Timen ropade Jesus med høg Røyst og sagde: „Eloi, Eloi, lema sabaktani?“ Det er utlagt: Min Gud, min Gud, kvi hever du forlatet meg? 35 Og daa nokre av deim, som stodo attved, høyrde det, sagde dei: „Sjaa, han ropar paa Elias.“ 36 Daa sprang ein og fyllte ein Svamp med Eddike og stakk honom paa ei Røyr og gav honom at drikka og sagde: „Vente, lat oss sjaa um Elias vil koma og taka honom ned.“ 37 Men Jesus ropade med høg Røyst og andadest. 38 Og Fortjeldet i Templet rivnade i tvau ovanfraa og heilt ned. 39 Og daa Hovudsmannen, som stod midt imot honom, saag at han andadest med slikt Rop, sagde han: „Sannlege, denne Mannen var Guds Son.“ 40 Der var ogso Kvinnor som saago paa langt ifraa; imillom deim var Maria fraa Magdala og Maria, Moder til Jakob den yngre og til Joses, og Salome, 41 og dei hadde fylgt med honom, daa han var i Galilea, og teent honom, og mange andre Kvinnor som hadde gjenget upp med honom til Jerusalem.

42 Og daa det alt var vordet Kveld og det var Tilbuningsdag, det er Dagen fyre Kviledagen, 43 so kom Josef fraa Arimatea, ein vyrdeleg Raadsherre som ogso ventade paa Guds Rike, og gjekk urædd inn til Pilatus og bad um Jesu Likam. 44 Men Pilatus undradest paa at han skulde alt vera andad og kallade Hovudsmannen og spurde honom um han var longo daaen; 45 og daa han fekk vita det av