Side:Markusevangeliet (1870).djvu/60

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

svarade og sagde til honom: „Du segjer det.“ 3 Og Øvsteprestarne baaro mange Klagemaal paa honom. 4 Og Pilatus spurde honom atter og sagde: „Svarar du inkje? Sjaa kor myket dei vitna mot deg.“ 5 Men Jesus svarade inkje vidare, so at Pilatus undradest. 6 Men paa Høgtidi var han van at lata deim laus ein Fange, kven dei ynskte. 7 Og der var ein som heitte Barabbas som var fangad saman med Upprørsfolket, og det hadde gjort eit Draap i Upprøret. 8 Og Folket kom fram og bad um det som han alltid hadde gjort mot deim. 9 Men Pilatus svarade deim og sagde: „Vilja de at eg skal giva dykker laus Jødakonungen?“ 10 For han visste at Øvsteprestarne hadde av Ovund yvergjevet honom. 11 Men Øvsteprestarne øste upp Folket, at han helder skulde giva deim Barabbas laus. 12 Og Pilatus svarade atter og sagde til deim: „Kvat vilja de daa at eg skal gjera med den som de kalla Jødakonungen?“ 13 Og dei ropade atter: „Korssfest honom!“ 14 Daa sagde Pilatus til deim: „Kvat vondt hever han daa gjort?“ Men dei ropade dess meir: „Krossfest honom!“ 15 Og med di at Pilatus vilde gjera Folket til Vils, gav han deim Barabbas laus og yvergav Jesus, daa han hadde hudflengt honom, til at verda krossfest. 16 Og Stridsmennerne førde honom inn paa Borggarden, det er i Raadhuset, og ropade saman heile Stridsskaren. 17 Og dei klædde honom i ei Purpurkaapa og flettade ei Tyrnekrona og sette paa honom. 18 Og dei toko til at helsa honom: