3 Og daa han var i Betania i Huset til Simon
den spitelske og sat til Bords, kom der ei Kvinna
som hadde ei Albasterflaska med Salve av rein og
kosteleg Nardusolje; og ho braut Flaska og helte
det yver hans Hovud. 4 Men der var det nokre som
vordo illnøgde fyre detta med seg sjølve og sagde:
„Kvat skal denne Spilla av Salven til? 5 For denne
Salven kunde ein hava selt fyre meir en try hundrad
Peningar og gjevet dei fatige.“ Og dei leto
illa mot henne. 6 Men Jesus sagde: „Late henne i
Fred. Kvi gjera de henne Sorg? Ho hever gjort
ei god Gjerning mot meg; 7 for de hava alltid dei
fatige hjaa dykker, og naar de vilja, kunna de gjera
deim godt; men meg hava de ikkje alltid. 8 Ho
hever gjort kvat ho kunde; ho hever fyreaat salvat min
Likam til Gravsetingi. 9 Sannlege segjer eg dykker,
kvarhelst i all Heimen Evangelium verder forkynt,
skal ogso det, som ho hever gjort, verda gjetet til
Aamining av henne.“
10 Og Judas Iskariot, ein av dei tolv, gjekk til Øvsteprestarne og vilde forraada honom til deim. 11 Men daa dei høyrde detta, vordo dei glade og lovade at giva honom Peningar. Og han søkte kor han paa laglegaste Maaten kunde forraada honom.
13 Og paa fyrste Dag i Høgtigi med dei usyrde Braudom, daa dei slagtage Paaskalambet, sagde hans Læresveinar til honom: „Kvar vil du at me ganga og laga til, at du fær eta Paaskalambet?“ 13 Og han sende tvo av sine Læresveinar og sagde til deim: