Side:Markusevangeliet (1870).djvu/51

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

alt detta skal fullkomast?“ 5 Og Jesus tok til Ords og sagde til deim: „Vakt dykker, at ingen forviller dykker. 5 Det skal koma mange i mitt Namn og segja: Det er eg; og dei skulo forvilla mange. 7 Men naar de faa høyra um Ufred og Rødor um Ufred, so ræddest ikkje, for detta lyt so ganga til; men det er endaa ikkje Enden. 8 For Landslyd skal reisa seg mot Landslyd, og Rike mot Rike; det skal vera Jordskjelvar paa ymse Stader; det skal vera Hungersnaud og Uro. 9 Detta er fyrste Ridi av Pinorna. Men vakte dykker, for dei skulo yvergiva dykker til Retten og til Samningsstovorna; de skulo verda hudflengde og førde fyre Hovdingar og Konungar fyre mi Skuld, til Vitnesbyrd fyre deim. 10 Og fyrst lyter Evangelium verda forkynt fyre alle Folk. 11 Og naar dei føra dykker burt og yvergiva dykker, so syte ikkje fyreaat fyre kvat de skulo tala, og grunde helder ikkje paa det, men tale det som verder gjevet dykker i den same Stundi; for det er ikkje de som tala, men den heilage Ande. 12 Og Broderen skal yvergiva Broderen til Dauden, og Faderen Sonen; og Borni skulo risa upp mot Foreldrom og føra Dauden paa deim; 13 og de skulo verda hatade av alle fyre mitt Namn Skuld; men den som verder stødug til Enden, han skal verda frelst. 14 Men naar de faa sjaa Styggja av Øydeleggingi stadna der ho inkje skulde, — kven som leser det, agte paa det! — so flye upp aa Bergi kven som er i Judea; 15 og