Side:Markusevangeliet (1870).djvu/48

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

nom Peningen. Daa sagde han til deim: „Kven si Likneskja og Innskrift er detta?“ Dei sagde til honom: „Keisaren si.“ 17 Og Jesus sagde til deim: „Give Keisaren kvat Keisaren tilhøyrer, og Gud kvat Gud tilhøyrer.“ Og dei undradest paa honom.

18 So komo Saddusearne til honom som segja at det er ingi Uppstanding til. Dei spurde honom og sagde: 19 „Meister, Moses hever skrivet oss, at um Broder til nokon døyr og læter etter seg Kona og inkje læter etter seg Born, so skal Broder hans taka Kona hans og uppreisa Avkoma aat Broder sin. 20 Det var sjau Brøder; og den fyrste tok ein Kona, og daa han døydde, leet han ingi Avkoma etter seg. 21 Og den andre tok henne og døydde og leet helder ingi Avkoma etter seg; og den tridje likaeins. 22 Og alle sjau leto ingi Avkoma etter seg; men seinaste av alle døydde ogso Kona. 23 I Uppstandingi, naar dei ero uppstadne, kven skal ho daa vera Kona til? for alle sjau hadde henne til Kona.“ 24 Jesus sagde til deim: „Er det ikkje so at de fara i Villa, av di de korkje kjenna Skrifterna elder Guds Magt? 25 For naar dei ero uppstadne fraa dei daude, so korkje gifta dei seg elder verda burtgifte, men dei ero som Englar i Himlom. 26 Men kvat som vedkjenner Uppstandingi av dei daude, hava de ikkje leset i Moses Bok, ved Tyrnerunnen, korleides Gud talade til honom og sagde: Eg er Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud? 27 Gud er ikkje Gud til dei daude, men til dei livande. De fara myket i Villa.“