Side:Markusevangeliet (1870).djvu/45

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Templet. 17 Og han lærde og sagde: „Er det ikkje skrivet: Mitt Hus skal kallast eit Bønahus fyre alle Folk? Men de hava gjort eit Røvarbøle av det.“ 18 Og Øvsteprestarne og det skriftlærde frette detta og dei søkte kor dei kunde døyda honom; for dei ottadest fyre honom, av di at alt Folket undradest paa hans Læra. 19 Og daa Kvelden var komen, gjekk han ut or Byen.

20 Og um Morgonen, daa dei gingo framum, saago dei Fiktreet visnat fraa Rotom. 21 Og Petrus mintest det og sagde til honom: „Rabbi, sjaa, Fiktreet, som du bannstøytte, er visnat.“ 22 Og Jesus svarade og sagde til deim: „Have Tru paa Gud. 23 For sannlege segjer eg dykker, den som vilde segja til dette Berget: Lyft deg upp og kasta deg i Havet, og ikkje tvilade i sitt Hjarta, men trudde at det skulde verda so som han segjer, fyre honom skal det verda. 24 Difyre segjer eg dykker, kvat som helst de bidja um i Bøni, so true at de faa det, og de skulo hava det. 25 Og naar de standa og bidja, so forlate, um de hava nokot imot einkvar, so at ogso dykkar Fader, som er i Himlom, maa forlata dykker dykkar Misgjerningar. 26 Men um de inkje forlata, so skal ikkje helder dykkar Fader, som er i Himlom, forlata dykkar Misgjerningar.“

27 Og dei komo atter Til Jerusalem. Og daa han gjekk umkring i Templet, komo til honom Øvsteprestarne, dei skriftlærde og dei eldste 28 og sagde til honom: „Av kvat Magt gjerer du detta? Elder kven