Side:Markusevangeliet (1870).djvu/42

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

han sagde til deim: „Kvat vilja de at eg skal gjera dykker?“ 37 Dei sagde til honom: „Giv oss det at me faa sitja den eine paa høgre Sida og den andre paa vinstre Sida aat deg i ditt Ærerike.“ 38 Men Jesus sagde til deim: „De vita ikkje kvat de bidja um. Kunna de drikka den Skaal som eg drikker, elder verda døypte med den Daup som eg verder døypt med?“ 39 Og dei sagde til honom: „Det kunna me.“ Men Jesus sagde til deim: „Den Skaal, som eg drikker, skulo de drikka, og verda døypte med den Daup som eg verder døypt med; 40 men at sitja paa høgre Sida elder paa vinstre Sida aat meg stender ikkje til meg at giva, men det verder gjevet deim som det er tillagat fyre.“ 41 Og daa dei tio høyrde detta, vordo dei tykkne paa Jakob og Johannes. 42 Og Jesus kallade deim til seg og sagde til deim; „De vita at dei, som gjelda fyre Hovdingar yver Landslydarne, raada yver deim, og at deira Herremenner bruka Magti yver deim. 43 Men so er det ikkje med dykker; men den som vil vera stor imillom dykker, han skal vera dykkar Tenar, 44 og den som vil vera den fremste imillom dykker, han skal vera Tenar til alle. 45 For helder ikkje Menneskje-Sonen er komen til at lata seg tena, men til sjølv at tena og lata sitt Liv til ein Løysepening fyre mange.“

46 Og dei komo til Jeriko. Og daa han gjekk ut fraa Jeriko med sine Lærsveinar og ein stor Folkehop, daa sat han Bartimeus Timeusson ved Vegen; han var blind og Tiggar. 47 Og da han høyrde